Boktips

Perlen som sprengte skjellet av Nadia Hashimi


År 2007
Forteljinga byrjar i Kabul. Vi møter ni år gamle Rahima og dei fire systrene hennar. Faren er traumatisert av krig og avhengig av opium. Mora blir sett ned på fordi ho ikkje har levd opp til forventningane om å føde ein son. Faren blir meir og meir aggressiv, han nektar til slutt døtrene å gå ut av huset. Den einaste jentene har kontakt med utanfor huset, er tanta Shaima.  Det er ho som fortel Rahima om tippoldemora Shekiba - ho som trossa skjebnen ved å bli ein bacha posh, etter ein gamal afgahnsk tradisjon. Som bacha posh kan jenter (i familiar utan sonar) kle seg og bli behandla som gutar. Som gutar kan dei gå på skule, handle på markedet og få seg ein ekstrajobb for å spe på familiens inntekter. Dette er ein fridom jenter vanlegvis berre kan draume om.

Som niåring blir Rehima bacha posh. Som 13-åring blir ho gifta bort til ein eldre mann...

Eit hundreår tidlegare
Shekiba har eit stort arr i ansiktet etter ei ulykke i barndommen. Arret gjer at ho blir sett på som eit monster og er umogleg å få gifta bort. Ho blir tvungen til å gå med burka for å skjule arrene. Når ho blir foreldrelaus etter ein koleraepidemi, prøver ho å skape sitt eige liv ved å gjere seg om til ein bacha posh. Frå den fattige landsbygda går turen til Kabul, der ho til slutt endar ved slottet – som vakt for kongen sitt harem.

På elegant vis vev Nadia Hashimi dei to kvinnene sine historier saman til ei fargerik og spennande forteljing som garantert vil gjere sterkt inntrykk på deg.

(Les dei 21 fyrste sidene i boka hjå Cappelen Damm.)

God bok frå Sigrun :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren