Tur-appen Outtt

Gode opplevingar på nettside og i mobilapp

Vi vil gjerne tipse om ein ny super app for friluftsopplevingar i Skjåk og elles i Norge. Du sjekke ut tur-appen Outtt!

Appen gjev lokalkunnskap om fine turmål og opplevingar i Skjåk. Den blir stadig oppdatert med tips til toppturar, sykkelturar, kanoturar, fisketurar, skiturar, kulturminneturar og overnatting. Tolv turar er til no registrert, det kjem stadig nye. T.d. skal alle turane frå brosjyren og nettstaden iSkjåk.no vere med.

Appen viser turar frå fleire stader i Norge, men vil automatisk vise fram turane som ligg geografisk nærast deg (så lengje gps-en i mobilen ikkje er slått av).

Appen er gratis og kan lastast ned til iPhone i AppStore og til andre smarttelefonar i Google Play.

Kvifor Outtt med 3 t-ar?

Mobilappen blir også lansert internasjonalt. Dei tre t-ane står for: plan your Trip, find the Trail og Track yourself. (På godt norsk betyr det: planlegg turen, finn stigen, og spor deg sjølv).

God tur! (... anten du sit i sofaen og draumer deg bort med appen... eller om du faktisk dreg ut på tur).

Du finn meir informasjon om prosjektet og prosjektleiaren Merete Dagsgard i avisa Fjuken.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede