Ståk i Skjåk

Laurdag 28. mai er det Ståk i Skjåk - som har vorte eit populært og årleg arrangement. I dei mange bodane i sentrum finn vi varer og produkt for sal eller framsyning. Elles er det m.a. tråtraktor og dokkevognparade, motbakkeløpet Flækkøyhøe Upp, loppemarknad, Flåklypa Grand Prix har kaffestopp i Bismo, kuturskulen har forestilling i Skjåkhallen og på kvelden er det fest i Mogard.

Sjå heile programmet for Ståk i Skjåk her.




Boksal og boksignering

I år skal det vere boksignering av den spennande krimboka Evig skal døden vera. Boka er som kjent skrive av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden. Dagbladet skreiv i si bokmelding at dette er VÅRENS BESTE KRIM.

På biblioteket kan vi óg freiste med fleire utstillingar. Vi har både ei knivutstilling av elevar frå ungdomsskulen og ei kunstustilling av elevar frå kulturskulen.

Velkomen innom!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede