Filmoteket - lån filmar og seriar heilt gratis!
Strøm film gratis med bibliotekkortet ditt.

Gladnyheit!
Lån film frå biblioteket - heilt enkelt!
No kan du bruke bibliotekkortet ditt til å låne og sjå filmar og seriar frå biblioteka sin eigen filmstrømmeteneste, Filmoteket.
Her kan du
velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne. Du finn både
eldre og nyare filmar her.
- Du
kan låne 4 filmar kvar månad.
- Du
kan sjå dei lånte filmane i 48 timar, på alle plattformar, i alle dei
kjente nettlesarane. Du kan også overføre filmane til større skjerm via
AirPlay og Chromecast.
- Du må
registrere deg hjå Filmoteket for å bruke tenesta.
- Du må
ha nasjonalt lånekort.
Slik får du
tilgang:
- Gå
til www.filmoteket.no
- Vel "Logg
inn" i menylina
- Klikk
på "Registrer ny brukar"
- Tast
inn lånekortnummer og passord. Her brukar du same passord som du brukar
til å logge inn på "Meg&mitt"
- Fyll
inn e-postadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du
skal logge inn på Filmoteket
- Du
får tilsendt ein e-post som stadfestar innmeldinga. Sjekk e-posten din, og
stadfest denne
- Snurr film!
Filmoteket har ei veldig oversiktleg og fin nettside, anbefalast! Her får du mykje inspirasjon. Filmoteket inneheld 1800 filmar.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på biblioteket!
Kommentarer
Legg inn en kommentar