Bowling i biblioteket Spel er kultur No kan du spele TV-spel i biblioteket. Vi har i fyrste omgang kjøpt inn ein Nintendo Wii med Super Mario Galaxy 2, Harry Potter, Wii Sports og Wii Sports resort. Det er òg akuelt å kjøpe inn andre typar konsollar. Med St. meld. nr 14 (2007-2008) "Dataspill" fekk dette mediet si eiga stortingsmelding kor det vart slått fast at dataspel er kultur, og skal behandlast på lik linje med andre kulturuttrykk, som f. eks litteratur, film og musikk. Biblioteka er både ein møtestad og ein kunnskapsplass – det flotte er at dei framleis er det for alle. Dei som leser skjønnlitterære bøker, dei som helst vil lese leksikon, dei som leser lydbøker, dei som leser filmar og dei som leser på skjermen. Pil og boge Fulltreffer? Bilblioteka har alltid vore flinke til å omstille seg, og til å omfavne nye medier. Tenk berre på internett, og motstanden mot dette i byringa. I dag er det utenkeleg med eit
Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen kan litt data frå før - men dei ynskjer å lære meir. Foto Sigrun Eide Flinke, oppegåande og arbeidsviljuge deltakarar I februar og mars har vi hatt datakurs for seniorar. Det var stor interesse for kurs i år, vi fekk to fulle grupper med 10 deltakarar på kvar. Vi er heldige som har studiesenteret som vi kan nytte oss av. På timeplanen sto grunnleggjande databehandling. Først lærte vi om tastaturet og datamusa, før vi var snøgt innom tekstbehandling. Vi brukte mest tid på internett i dette kurset - vi har googla podagra, kjøttmat frå Skjåk, vêrmeldingar, nyheiter, togbillettar, bøker og mykje meir. Vi inviterte SpareBank 1 Lom og Skjåk. Ingvard Olstad, Kristin Resvoll og Britt Sperstad kom og informerte om nettbank. Elling Starrem frå Skjåk kommune var innom og informerte om offentlege nettsider. Sigrun forklarte tastatur, mus, tekstbehandling og internett frå storskjermen medan Hanne, Inger Kristen og Jenni Anette sø
Kommentarer
Legg inn en kommentar