Verdas poesidag

Verdas poesidag vart lansert av UNESCO i 1999 og har sidan blitt feira 21. mars kvart år. Formålet med dagen er å promotere lesing, skriving, publisering og undervisning i poesi over heile verda.

I Skjåk har vi fleire lokale forfattarar som har skrive mykje fin poesi. Aslaug Høydal, Jan-Magnus Bruheim, Tore Ørjasæter og Olav Øygard er nokre av dei. Vi kjem til å skrive meir om dei seinare.

Noko som er karakteristisk for lyrikaren Tore Ørjasæter er at han ofte grip til konkrete bilete frå naturen for å uttrykkje menneskelege behov eller tilstandar. Han gjer det for å illustrere, for å få fram det poetiske mangtydige. I boka Elvesong er dropen hovudpersonen, den enkle og klare symbolikken held fast gjennom boka. Dropen blir drive fram av lengsel etter sol og ein dragnad etter å fara. Ein vassdrope på veg mot havet vert eit bilete på eit menneske i leitande, religiøs uro, eller eit bilete av menneska på veg gjennom livet. Opningsdiktet i boka er Dropen.

Dropen

Telen græt dogg i soli god
og leskar spira med linne.
Med det er doggdropen sjølv forløyst
til fridomen han vil vinne.


Dropen vart drope, eit liv forløyst
av telen som heldt`n fanga.
Og spira han frelste på fridoms veg
skal eingong i blom få anga.


Hans heilage liv var den linne lengt
mot sol gjennom kulde-eimen,
som anda or naudi innestengt
av dauden i duldeheimen.


Ja dropen kjenner lagnaden linn
med viljesviv kløkke og vâre.
Han føddest til livet og lagnaden sin,
som var at han måtte fare.

Han finn seg att i ei strøymen å
med tusund andre i fylgje,
som vil det same i samnads trå
og veks til ei vårfrisk bylgje.
                                                 Tore Ørjasæter
         
Dermed er dropen i gang, han har funne fram til møte med andre som har den same lengsel og dragnad i seg. Han blir til ein stor straum, ein bekk og seinere ei elv, som brusar fram mot det endelege målet som lokkar dropen – fellesskapet i sjølve storhavet utanfor, det som eigentleg er opphavskjelda og kvilestaden for dropen. Dropen møtar hindringer på ferda si, den blir m.a innestengt i ei myr.  Vasstraumen der dropen er med, rører seg framover gjennom ulike årstider og skiftande landskap. Forteljinga blir full av liv og variasjon – sommar, haust, vinter, vårflaum. Det er glimt av livet langs med elva, spennande tømmerfløyting, husbygging, fisking og fiskeliv. Eit slik glimt er Øybergshølen på side 56. Anbefalast!

Kommentarer

  1. Det er Verdens Poesidag i dag! Kanskje du har lyst til å feire denne med å stemme fram diktet! Det koster deg ei tekstmelding – og du kan vinne bøker, konsertbilletter og hotellweekend. Les mer her: www.litteraturnett.no

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk