Tore Ørjasæter

8. mars er det 125 år sidan Tore Ørjasæter var fødd

Godt sagt i boka "Anne på Torp" side 131:

Ein skal ikkje lyfte seg over kvardagen
men ein skal lyfte kvardagen om ein kan
                                                                     Tore Ørjasæter



Tore Ørjasæter er ein av dei store gudbrandsdalsdiktarane. Han er fyrst og fremst hugsa som lyrikar, og han var ein av dei fyrste bondediktarane som levde av skrivinga.

Ørjasæter vart fødd i Skjåk, der han voks opp på garden Slette i fjellgrenda Bråtå. Far hans var frå Geiranger og var både lærar og gardbrukar. Familien stod difor i ei særstilling på fleire måtar, med fotfeste i fleire sosiale lag og i både austlands- og vestlandskulturen. Denne spenninga viser att i mykje av diktinga til Ørjasæter.

Han såg føre seg ei framtid i jordbruket og tok ivrig del i arbeidet på garden. Men som ung fekk han magesår og laut opererast på Rikshospitalet, og sjukdomen sleppte ikkje taket før mange år seinare. Med redusert helse skjøna han at han ikkje hadde noka framtid som gardbrukar, og draumen om å verta forfattar vakna i han. Seinare sa han at om han hadde hatt helse til å arbeida på garden, hadde han ikkje kome til å skriva ei einaste line.

Les den utfyllande artikkelen i Store norske leksikon skrive av Eirik Helleve.


Arrangement: tysdag 8. mars kl 19.30 i Bjørkås: "125 år sia han var fødd"


- Lene Teigen fortel om skodespela hans
- Diktopplesing
- Song
- Andre innslag
Traktering
Gratis inngang

Kommentarer

  1. Heia Skjåk!
    Gratulerer med 125-årsjubileet for Tore Ørjasæter! Så bra at dere skal markere det på selve dagen! Skulle gjerne ha vært med dette arrangementet, men selv feire 8. mars med kvinnefilm på Lillehammer! Ellers bare en liten kommentar ang. presentasjonen av Tore Ørjasæter over her, som gammel øyværing savner jeg info om at han faktisk var bosatt i Øyer, da!

    SvarSlett
  2. Les utfyllande artikkel.
    Fullt hus på Bjørkås i Bråtå i går kveld

    SvarSlett
  3. Jada, det står der! Har bare en liten følelse av dette ikke har blitt så eksponert i Skjåk ;) !
    -Gratulerer med fullt hus! Strålende!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren