Filmbib - sjå film heilt gratis

Filmbib er ei heilt ny norsk strømmeteneste som let deg sjå norsk kort- og dokumentarfilm heilt gratis. Du må berre ha eit lånekort som er tilknytta eit norsk bibliotek.




Kva er Filmbib? 
Filmbib er distribusjonsportalen for Innkjøpsordningen for kort- og dokumentarfilm. Ordninga blir administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet og er oppretta for å gje eit norske publikum tilgang til norsk kort- og dokumentarfilm via biblioteket. 
Eit uavhengig utval vurderer kva for filmar som inngår i ordningane. Utvalet er basert på nominasjon frå Norsk filmforbund, Norske film-, TV- og spillprodusenters forening, Norske Dramatikeres Forbund og Norske Filmregissører. 

Korleis verker Filmbib? 
Gratis tilgang til Filmbib får du via norske folkebibliotek og Nasjonalt Lånekort. Du loggar på tenesta med ditt lånekortnummer og PIN-kode. Sjå filmar på pc, mobiltelefon eller nettbrett.

Kva for filmar finn du i Filmbib? 
I Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også eit utval av filmar som går tilbake i tid. Du vil finne ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Besøk Filmbib ofte! Det blir stadig lagt filmar til i tenesta. 

Vil du vite meir? 
Har du problem med avspeling eller andre tekniske spørsmål, kan du bruke tenesta si Hjelp-side for å få svar. Meir informasjon og Innkjøpsordningens retningsliner finn du på nfi.no.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren