Tonje Glimmerdal



av Maria Parr - Brageprisvinnar 2009

I boka om Tonje får vi mellom anna halsbrekkande testløp på kjelke, tamme måker på sykkeltur, samanstøt med kaffekjelar og grotter fylt med felespel.
Ei herleg høgtlesingsbok som er både morosam, hjartevarm og spennande. Handlinga går føre seg i Glimmerdalen. Vi møtar Tonje, som snart er 10 år og er den einaste ungen som bur her. Bestevenen hennar Gunnvald er derfor "litt" eldre enn Tonje, han er 74 år og er en bisk sauebonde og felespelar. Men ein dag havnar Gunvald på sjukehus med broten lårhals. Tonje får nyss om at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har delt med bestevenninna si. Tonje får mykje å rydde opp i.

Dette er ei bok alle vaksne bør unne seg å lese høgt om dei har nokon å lese høgt for. Høgtlesingsbok frå ca 6 år, lese sjølv frå ca 9-12 år. Kos deg!
Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk.
Sigrun

Sjekk om boka er inne : )

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren