Harry Hole-pris til ei "ålreit" dame


Marit Hallen
Ei ålreit dame

Harry Hole-stiftelsen har utnevnt bibliotekaren Marit Hallen til årets "Ålreite dame" - ein velfortent pris!


Det er skaparen av Hole-skikkelsen, forfattaren Jo Nesbø, som etablerte stiftelsen som i år vart delt ut for andre gong. I fjor gjekk Harry Hole-prisen til fengselspresten ved Ila Landsfengsel, Odd-Cato Kristiansen. Marit Hallen var ein av pionerane som starta med leksehjelp til innvandrarjenter. Ho har i mange år jobba med litteraturformidling overfor unge jenter frå Pakistan og India med utgangspunkt i Deichmanske bibliotek og filialen på Torshov i Oslo.


Harry Hole-stiftelsen vart etablert i juni 2008 ved at Jo Nesbø overførte alle rettigheiter og tilhøyrande inntekter frå boka Hodejegerne til stiftelsen. Stiftelsens formål er gjennom ein årleg pris å gje barn grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter, spesielt i utviklingsland.

Prisen har fått tittelen "En ålreit fyr/Ei ålreit dame-prisen". Den som vinner vil overrekkje den årlege pengegava til ein verdig mottakar.

Saman med styret i Harry Hole-stiftelsen har Marit Hallen vore med på å bestemme mottakar av prisen som i år er på ein halv million kroner. Pengane går i år til UNICEF Norge for deira langsiktige innsats for utdanning i Pakistan. I distrikta der UNICEF jobbar har det vore ei økning i antall elevar som går på offentleg skule på 19 prosent.

Torsdag 18. november var ho på Otta der tilsette i barnehage, skule og bibliotek, frå Lillehammer i sør til Lesjaskog i nord, fekk høyre ho prate ENTUSIASTISK om ungdomsbøker.  Det er ingen tvil - denne dama er ei "ålreit" dame. Den årlege presentasjonen av barne- og ungdomsbøker er arrangert av IBBY Norge - Barnebokforum og biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen.

Les meir om Marit Hallen her.

Jo Nesbø
Ein ålreit fyr



Det er vel berre å slå fast at Jo Nesbø er ein ålreit fyr.












Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren