"Julegavetoget" med Marianne Kostøl

.
Julestemning på biblioteket med ”Julegavetoget”
Ei framsyning fritt etter den populære forteljinga om ”The Little Engine That Could”, som vart skrive for 100 år sidan.

Klikk på bilete

Vi fekk ei spennande musikalsk togreise med Marianne Kostøl på det som "liksom" var lillejuleftan. Det glade lille toget skulle over til den andre sida av fjellet med gåver, deilig mat og julegodt til alle gutar og jenter. Men - plutseleg stoppa toget med eit rykk. Hjula ville ikkje gå rundt. Kven ville komme og redde det lille toget? Eit blankt og nytt lokomotiv, eit stort og sterkt lokomotiv og eit  gammalt lokomotiv full av rust kunne ikkje hjelpe, dei køyrde vidare. Men - så  kom heldigvis eit lite, blått lokomotiv tøffande. Sjølv om det var lite og aldri hadde vore over fjellet før, ville det hjelpe til. Og med god drahjelp frå Marianne og publikum ordna det seg tilslutt. Toget kom seg over fjellet og alle barna fekk gåver, mat og julegodt til jul. Puh!

Marianne Kostøl frå Gjøvik er ein solid veteran frå viseverda, ho har ein eigen forkjærleik for dei gamle norske songane, og er flink til å trekkje med seg publikum i song og småprat. Mange hadde teke turen til biblioteket denne dagen. Det var ungar frå barnehagane, besteforeldre, foreldre og mange fleir. Vi rekna omlag 70 personar.

Lagt inn av:  Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren