Magnhild Bruheim - boklansering


.
Forfattarbesøk på biblioteket

Torsdag 16. september kl 19 kjem Magnhild Bruheim til Skjåk folkebibliotek for å fortelje om den nye boka si, Det som ein gong var.

Det som ein gong var  er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar som filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

  • Gratis inngang
  • Servering
  • Song ved Vox Morsem
  • Boksignering
Arrangementet er eit samarbeid mellom Skjåk folkebibliotek, Skjåk historielag og Samlaget.


Omtale frå forlaget:

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt.

Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.


Les meir om Magnhild Bruheim på Forfatternett Oppland.

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

  1. hun kommer til oss neste uke :D
    hilsen gjerdrum ungdomskole, 8. trinn

    SvarSlett
  2. Det var fullt hus på biblioteket i Skjåk!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede