Innlegg

Viser innlegg fra august, 2013

Ervingen

Bilde
Eit songspel av Ivar Aasen
Vi markerer Ivar Aasen-jubileet og Språkåret med ei oppsetjing av Ervingen på Skjåk folkebibliotek. Dei medverkande i stykket er: Magne Skjævesland (skodespelar og songar), Ruth Olina Lødemel (songar), og Lars Johansen (pianist) .

Ivar Aasen sitt songspel Ervingen vart første gong framført på Det Norske Teater i 1885. Stykket handlar om ein mann, Åmund, som etter mange år ute kjem heim til si grend og sin gard. Garden er kjøpt av ein innflyttar frå byen, men der bur også ei ung jente som han forelskar seg i. Åmund har odelsrett til garden og kan krevje den tilbake. Spenninga byggjer seg rundt spørsmåla om han får garden tilbake, og om han får denne jenta.

Vinjeproduksjonar seier at dei ynskjer å synleggjera Aasen sin lengt etter kjærleiken og trua på ein eigen norsk identitet.
Framføringa har ei enkel musikkteater-form, med hovudvekt på song og musikk. Den inneheld songar frå Ervingen og andre dikt av Ivar Aasen som passar i handlinga.


Velkomen til Skjåk f…

Musikalsk eventyrstund

Bilde
"HELT HARRY"
Ei musikalsk eventyrstund

Harry Trainer er kjend og kjær for mange barn. Harry byr på seg sjølv i ein glad halvtime. "Helt Harry" er eit program med musikalske ablegøyer med songgjøglaren Harry Trainer som er fødd i USA, men busett i Noreg. Med lang erfaring frå eventyrstuder på Gjøvik bibliotek og barneboktreff på Vestre Toten Folkebibliotek, byr Harry på alt mogleg frå song og leiker til høgtlesing og lydforming. Med ei lett blanding av kjende og sjølvkomponerte songar på norsk og engelsk, får Harry både store og små med på notane.


Velkomen til Skjåk folkebibliotek Måndag 2. september kl 12 Passar for barn 3-6 år Gratis inngang
Arrangør: Skjåk folkebibliotek og Folkeakademiet