Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Spennande bokprat på biblioteket!

Bilde
Debutantar og dramatikk Raghild Kolden presenterer trilogien om systrene Vik. Merete Byrøygard og Rita Mundal presenterer fjorårets norske debutromanar. Tysdag 3. mars kl 19.30. Servering. Arr.: Skjåk folkebibliotek og Skjåk bygdekvinnelag Velkomen!

Har du spørsmål om utdanning?

Bilde
Karrieresenteret Opus Torsdag 19. februar mellom kl 16 - 19 kan du få rettleiing og tips om utdanningsvegar og høgare utdanning på Skjåk folkebibliotek. Timebestilling er ikkje nødvendig. Ta deg ein tur da vel!

Magnhild Bruheim

Bilde
"Det lengtande og leikande mennesket" Magnhild Bruheim snakkar om onkelen og forfattaren Jan-Magnus Bruheim. Velkomen til Skjåk folkebibliotek sundag 15. februar kl 19.00. Gratis inngang - enkel servering. Arr: Bruheim-nemnda og Skjåk folkebibliotek

Konsert med Øyvind Sandum

Bilde
Øyvind Sandum er den mest meritterte runddansmusikaren i Norge dei siste 20 åra. Han har jobba med mange ulike prosjekt innanfor folkemusikk, gammaldans og teater.  I tillegg er han eitt av visemedlemmane i gruppa "Sol i skuggeskog", som tidlegare har gjesta Skjåk fleire gonger. På denne konserten får vi høyre mest tradisjonell musikk, men Øyvind seier at det også vil bli andre innslag. For deg som ikkje kjenner Øvind - så spelar han både torader og trekkspel. Filip de Presno, 11 år, skal vere med og spele torader på eit par av innslaga. Inngang kr 50,- Velkomen til konsert!