Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2021

Biblioteket opnar onsdag 20/1-21

Bilde
Biblioteket opnar onsdag 20. januar kl 10-14. Beredskapsgruppa i Skjåk kommune har bestemt at biblioteket skal opne onsdag denne veka.  Du kan bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon eller e-post. Kontakt oss gjerne for å gjere avtale om henting av bøker. • Tlf: 909 47 020 • E-post: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no

Lars Mytting og Magnhild Bruheim på topp i Skjåk

Bilde
Lars Mytting og Magnhild Bruheim var to av dei mest utlånte forfattarane i Skjåk i 2020.  Lars Mytting har tre bøker blant dei 10 mest utlånte bøkene for vaksne, og Magnhild Bruheim frå Skjåk toppar lista for barn/ungdom. Mest utlånt i Skjåk i 2020 25 bøker for vaksne   Forfattar Tittel 1 Mytting, Lars Søsterklokkene 2 Ragde, Anne B. Datteren 3 Hoem, Edvard Jordmor på jorda 4 Moyes, Jojo Over horisonten 5 Mytting, Lars Svøm med dem som drukner 6 Riley, Lucinda Solsøsteren: Electras historie 7 Honeyman, Gail Eleanor Oliphant har det helt fint 8 Mytting, Lars Hekneveven 9 Nesbø, Jo Kongeriket 10 Allende, Isabel Over havet 11 Kristof, Ag

Stengt frå 4. januar til 18. januar 2021

Beredskapsgruppa i Skjåk kommune har innført fleire lokale smitteverntiltak etter at regjeringa kom med nye føringar 3/1-21. Eit av tiltaka er at Skjåk folkebibliotek skal halde stengt for besøk frå 4. januar til 18. januar 2021. Du kan bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon eller e-post. Vi låner ut og ordnar bokpakker som kan hentast utanfor biblioteket mellom kl 10 og 14 måndag til fredag i denne perioden. Du kan levere bøker i bokkassa ved inngangsdøra vår. Kontakt oss gjerne for å gjere avtale om henting av bøker på andre tidspunkt. Tlf: 909 47 020 E-post: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no .     Du finn utfyllande informasjon om lokale tiltak i Skjåk på heimesida til Skjåk kommune: Nye koronatiltak i Skjåk pr 4/1-21