Stemningsfull konsert

Svein Bjotveit Mange tok turen til biblioteket torsdag kveld for å få med seg lanseringa av cd-en til Svein Bjotveit - "Kjeåsen blå". I løpet av dei siste 40 åra har han skrive omlag 150 viser, 12 av dei er på denne cd-en. Svein seier at har har laga ei "naken" plate der tekstene får stå i sentrum. Han har skrive alle tekstane og melodiane sjølv. Vi fekk høyre fleire stemningsfulle viser og det var tydeleg at publikum kosa seg. Ei av visene skilte seg ut med raskare rytmne og eit humoristisk preg, nemleg tittelsporet "Kjeåsen blå". Her er fyrste verset med refreng. Visa har 7 vers. Kjeåsen blå Ein dag va' all mi tvil forbi eg stimde te budeia mi Hu låg der med sitt krydderi og venta på litt frieri Hormonene va' gått amok eg for opp langs eit geiteråkk øve berg og ur og stokk te hu' så drog med lur og lokk E' det liv, e' det lov, e' det lov, e' det liv har du lust, har du lov, e' du tyst, ta ein tår. Eg tip...