Datakurs

Populært kurs I 2014 er det 8. året det vert arrangert datakurs for seniorar på Skjåk folkebibliotek i regi av oss tilsette. Vi har eit fast opplegg med seks kursdagar på 3 timar kvar gong som fungerer veldig bra. Det blir delt ut tilrettelagt kursmateriell. Det krevst ingen forkunnskap for å vere med Desse kursa har vore populære, enkelte år har det vore fleire grupper. Det krevst ingen forkunnskap for å vere med, kurset er lagt opp for nybyrjarar og er gratis. Dei eldste deltakarane har vore 83 år, den yngste 40 år. I tillegg til å lære data, er dette ein uformell, triveleg og sosial møteplass, praten er svært "livleg" i kaffipausa. Slik samfunnet utviklar seg, krevst det meir og meir kunnskap i bruk av data. Mange tenester er i dag nettbaserte. Ynskjet er at alle, også den eldste del av befolkninga, skal bli i stand til å nyttiggjere seg dette verktøyet. DATAKURS 2014 11/9-14 ...