Konsert med Lars Klevstrand

Visesongar, gitarist og melodisnikkar sidan 1968 Lars Klevstrand har markert seg som artisten med det breie repertoaret. I det ligg mange år med oppsamla kunnskap om våre sentrale norske (med eit sideblikk til svenske) visediktarar og deira verk. Han har også gjennom eit langt viseliv tolka sør-amerikanske og franske viser. Sidan 1990 har han markert seg som ein betydeleg tolkar av Evert Taube sine viser, og er å finne i den årlege Taubeforestillinga i østfoldidyllen Engelsviken kvar sommar. Velkomen på konsert med Lars Klevstrand "Evert Taubes eventyrlige viser" tysdag 9. februar kl 19 på Skjåk folkebibliotek Inngang kr 100,- Arr: Skjåk folkebibliotek med støtte frå Den kulturelle spaserstokken