Krimjournalist og forfattar

Måndag 29. mai får 9. klasse i Skjåk besøk av forfattaren og journalisten Adel Khan Farooq her på biblioteket. Han skal prate om boka si «Mine brødre» som kom ut i fjor. Dette er ei bok om sex, dop og tru, og det å finne seg sjølv i eit helvete, seier Adel Khan Farooq (25). Foto: Øistein Norum Monsen Radikalisering og muslimsk brorskap Han vil fortelje historia om ein 17-åring frå Oslo som blir forelska, ikkje berre i ei jente, men også i islam. Boka handlar om korleis vanlege norske ungdommar blir radikalisert og kvifor det skjer. Handlinga går føre seg før, og i etterkant av terrorangrepet i Paris. Vi fylgjer ein vanleg ungdom som går frå den eine skuffelsen til den andre. Han kjenner seg utanfor alt. Det er fyrst når han får vere med i eit muslimsk brorskap, at han endeleg føler seg heime og akseptert. Radikalisering er eit tema som er brennaktuelt i dag, og som mange er interessert i. Adel Khan Farooq har god innsikt i dette te...