Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2010

Datakurs i regi av biblioteket

Bilde
Vi på biblioteket brukar kvar haust å arrangere datakurs for seniorar.

Kurset er for deg som er nybegynnar, eller relativt nybegynnar på data. Vi går gjennom dei viktigaste funksjonane på datamaskina og programma, som f. eks det å skrive, lagre, kopiere, leggje inn bilete i tekst, skrive ut, e-post, nettbank, slektsforsking og internett. Vi har òg oppretta facebook profilar. Deltakarane får eigne skreddarsydde kurshefte. Vi brukar studiesenteret som klasserom.
 
 I år hadde vi ei noko spesiell avslutning da ein av kursdeltakarane, Hans Hågå, underheldt med lirekassa si. Det svinga skikkeleg, og musikken til Hans lokka fram både smilet og dansefoten på oss andre!
Og kvein veit? Kanskje var lirekassa ein forløpar til datamaskina? 









 Lagt inn av: Sigrun Eide

Skjåk nr 2 på utlånsstatistikken i Oppland

Bilde
Auka utlån
Vi gler oss over at det snart er jul og vi gler oss over at Skjåk folkebibliotek ligg som nummer to (av 26 bibliotek) på utlånssstatistikken i Oppland. Den offisielle statistikken for 2009 vart offentleggjort i slutten av november i år. Førebels tal syner at utlånet også vil auke i år. Vi ynskjer gamle og nye lånarar velkomen innom biblioteket på kaffe og pepparkaker no i desember.


Elles kan vi freiste med godteriutstillinga Dulcis, ein heil by av godteri. Byen er laga av elevar frå Formgjevingsgruppa ved Skjåk kulturskule. Utstillinga er trygt plassert i eit skåp med glasdører.


Her ser du ein liten "smakebit"  J
Siste opningsdag før jul er torsdag 23. desember kl 10 -14.

Velkomen innom!



Lagt inn av: Sigrun Eide

Inge Eidsvåg

Bilde
Det vart ein triveleg og innhaldsrik kveld på biblioteket da Inge Eidsvåg både kåserte for oss og prata om den nyaste boka si, "Minnene ser oss". Stikkord for kvelden: god atmosfære, stor innleving og eit stort engasjement med humor og varme, samt gløgg, pepperkaker, bollar, stev og levande ljos.

Det var Mari Eide Lindsheim som starta det heile med to fine stev, før Inge Eidsvåg tok over med kåseriet om:

Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun

Bjørnson kjøpte garden Aulestad og flytte dit i 1874. Det var ikkje minst Christopher Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal som låg bakom valet av dette gardskjøpet. Frå 1875 og utover var Bjørnson ofte på Vonheim, der han heldt foredrag over ulike emne.
Knapt nokon utanfor folkehøgskulens eigne folk har stått folkehøgskulen så nær som Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnsons plass i folkehøgskulen som talar og diktar var viktig særleg i 1860- og 1870-åra, og ikkje minst gjennom bondeforteljingane vart det skapt eit ideologisk fellesskap t…