Datakurs i regi av biblioteket

Vi på biblioteket brukar kvar haust å arrangere datakurs for seniorar.

Kurset er for deg som er nybegynnar, eller relativt nybegynnar på data. Vi går gjennom dei viktigaste funksjonane på datamaskina og programma, som f. eks det å skrive, lagre, kopiere, leggje inn bilete i tekst, skrive ut, e-post, nettbank, slektsforsking og internett. Vi har òg oppretta facebook profilar.
Deltakarane får eigne skreddarsydde kurshefte. Vi brukar studiesenteret som klasserom.

 
Reidun, Håkon, Torbjørg, Sverre, Hans og Rannveig

I år hadde vi ei noko spesiell avslutning da ein av kursdeltakarane, Hans Hågå, underheldt med lirekassa si. Det svinga skikkeleg, og musikken til Hans lokka fram både smilet og dansefoten på oss andre!
Og kvein veit? Kanskje var lirekassa ein forløpar til datamaskina?

Håkon, Torbjørg og Hans










Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede