Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Magnhild Bruheim på utlånstoppen 2010 i Skjåk

Bilde
Magnhild Bruheim er populær hjå vaksne, barn og ungdom 10 på topp for vaksne . 1. Magnhild Bruheim Det som ein gong var 2. Laila Lanes Skynd deg å elske 3. Cecilia Samartin Salvadoreña 4. Magnhild Bruheim Nattskrik 5. Linda Olsson La meg synge deg stille sanger 6. Cecilia Samartin Señor Peregrino 7. Jo Nesbø Panserhjerte 8. Roy Jacobsen Vidunderbarn 9. Herbjørg Wassmo Hundre år 10.Victoria Hislop Øya 10 på topp for barn og ungdom 1. Magnhild Bruheim På flukt 2. Jørn Jensen Den store zombien 3. Maria Parr Tonje Glimmerdal 4. Jørn Jensen På flukt 5. Jørn Jensen Den gale professoren 6. Øistein Kristiansen Livets kruseduller;: en tegne- og kreativitetsbok for hele familien 7. Jørn Jensen Kasper på innebanen 8. Benni Bødkter Kampens vei 9. Stephenie Meyer Evighetens kyss 10. Jørn Jensen De forvunne barna Les eit tidlegare innlegg om Magnhild Bruheim .

Årsmelding 2010 for Skjåk folkebibliotek

Bilde
Klassebesøk på biblioteket Utdrag: Skjåk folkebibliotek blir drive etter Lov om folkebibliotek av 20. desember 1985 med endring i juni 2003. Biblioteksjefen er den faglege og administrative leiar for folkebibliotekverksemda i kommunen. Tilsette 1.75 årsverk er delt på biblioteksjefen og 1 bibliotekassistent. Ekstrahjelp blir brukt for å dekkje laurdagsvakter, ved sjukdom, ferie og møter. Rekneskap/Budsjett Rekneskapen litt under oppsett budsjett. Utlån Utlånet auka med 6,95%. Utlånet av bøker og lydbøker for barn og ungdom auka med 19,83% og 6.52%. Utlånet av bøker og lydbøker for vaksne auka med 6,83% og 7,36%. Utlånet av filmar gjekk ned med 11,75%. I 2009 vart biblioteket nr. 2 på utlånsstatistikken i Oppland med 7.17 lån pr. innb. Også i år har utlånet av media auka, til 7.81 pr. innb. 792 lånarar var registrert med lån i 2010. 65,53% var kvinner. Les heile årsmeldinga her.

Geirr Lystrup

Bilde
Hausten 2010 kom Geirr Lystrup med Salmeboka mi. Det er tredje bind i Geirr sin vise-trilogi. Tidlegare har han gjeve ut Viseboka mi og Barnesangboka mi, begge kjøpt inn av Kulturrådet. No er trilogien komplett, og med det reiser Geirr i februar på turne i samarbeid med bibliotek i Noreg. Kom og høyr Geirr Lystrup syngje utvalde songar frå Viseboka mi og Salmeboka mi. Geirr Lystrup (f 1949) er født og hadde oppveksten sin i Vinje i Telemark og har vore aktiv som visesongar sidan han tok artium. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og plater, og han er ein av våre mest allsidige trubadurar. Heile fem gongar har han fått Spellemannprisen. Sist for barneplata ”Sangen om Yebo” som er svært populær i barnehagar og skular over heile Noreg. Les meir på heimesida til Geirr Lystrup.