Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2011

Kunstutstilling

Bilde
Velkomen til kunstutstilling på biblioteket av: 8. klasse frå Skjåk ungdomsskule "Mennneske i kunsten". I år har dei kopiert portrett av Matisse, Picassso, da Vinci, Krog, Cezanne, Gaugin, Munch og Nerdrum. Her ser du nokre av dei flotte portretta: Skjåk kulturskule/formgjevingsgruppa med glasmåleri Her kan du sjå fleire portrett og glasmåleri: From Filmer 

Forbyttet

Bilde
av Håvard Rem Ei sterk historie Vi er i ein by i Trøndelag få år etter krigen. To norske kvinner forlèt fødestua saman i taxi. Dei sit med kvart sitt gutebarn i fanget. Ein av gutane skal snart døypast Bjørn. Nesten seksti år seinare, i 2006, får Bjørn vite at det skjedde ein feil på sjukehuset. Barna var blitt forbytt. Allereie som liten gut sansa Bjørn Harald Larsen at det var noko som ikkje stemde. Han var ikkje lik sysken eller foreldre i utseendet. I tillegg stemde ikkje kjemien med resten av familien. "Alle" – foreldre, slekt, vener og naboar – visste at eg hadde blitt forbytta. Berre ikkje eg og min næraste familie. Det er helt utruleg at nokon ikkje har forsnakka seg eller avslørt sannheiten i festleg lag, seier han. Sjå og høyr Bjørn Harald som fortel si historie her: Utgjeven: 2010 Forlag: Schibsted Sider: 190 ISBN: 978-82-516-3577-6

Informasjon om utdanning for vaksne

Bilde
Torsdag 17/2 på Skjåk folkebibliotek 16.30 - 19.00 OPUS besøker biblioteka i Norddalen. Karrieresenteret OPUS Nord-Gudbrandsdal tilbyr utdanning for vaksne. Dette er både på vidaregåande nivå, og tilbod på fag – og høgskulenivå. Dei som ønskjer rettleiing eller vil orientere seg om tilboda, vil ha stort utbytte av å komme til biblioteket denne kvelden. Målet med besøket er å synleggjere rettleiingstenesta og opplæringstilbodet for vaksne i vår region. Det vert orientert om tilbod som finst både lokalt og andre stader samt finne tid og lage avtaler for vidare rettleiing for dei som treng det. Velkomen til ein hyggeleg prat om karriere og utdanningsval!

Geirr Lystrup

Bilde
Kaffe- og kringlekonsert Det var songlaget i Skjåk som stilte med kringler, vi ordna med kaffe m.m. - og når Geirr Lystrup på sin bibliotekturne stoppa i Skjåk, ja - så hadde vi ein triveleg Kaffe- og kringlekonsert. Vi var omlag 55 personar som åt kringle, drakk kaffe og høyrde Geirr Lystrup fortelje gode historier og syngje fine songar frå Viseboka mi og Salmeboka mi. Geirr lokka fram både songgleda og smilet hjå publikum. Sjå og høyr ein liten smakebit frå konserten her: