Innlegg

Viser innlegg fra april, 2011

Jon Eikemo

Bilde
Lansering av diktbloggen "Ord om fjell - ei digital vandring" Kva er "Ord om fjell"? "Ord om fjell - ei digital fjellvandring" er eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek i 2010. Her samlar vi dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Der det er gjeve samtykke om publisering på nettet, legg vi ut dikta i fulltekstversjon. Nokre av dikta kan du også høyre på. Prosjektet er støtta av Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen og Oppland fylkesbibliotek.   Ta ein titt på bloggen her :)  Klikk på bilete for større tekst.

Opningstider i påskeveka

Bilde
Tysdag  19. april 14 - 19 Onsdag 20. april 10 - 14 God påske!

Kunst og song i ein gong

Bilde
 Høgtideleg  Oddrun i full sving  Det var ordførar Rolf Kristen Øygard som fekk det ærefulle oppdraget med å opne årets kunstutstilling av formgjevingsgruppa ved Skjåk kulturskule. Etter at tråden var klypt, fekk dei frammøtte både champagne og kanapèar (brus og brownies J ). Utstillinga skal vere på biblioteket ut juni månad. Kom og sjå dei utruleg fine måleria! Her ser du to av kunstnarane: Sissel Eiesar og Kristin Rustad Kunstnar Kari Olstad Den levande skogen Ein time seinare var det karusellgruppa ved Skjåk kulturskule som hadde ein forkorta versjon av forestillinga "Den levande skogen". Med fine kostymar og kjempefin song fekk vi ein STRÅLANDE time. Her er ein liten smakebit frå framsyninga: Det er Runa Aurmo som er lærar for både formgjeving- og karusellgruppa. Dyktig dame!

Påskekrim

Bilde
Boka er også filmatisert. Vi har DVD-en. Fenomenet oppstod ifølgje legenda i 1923 da ei krimbok skrive av Jonatan Jerv (eit fellespsevdonym for forfattarane Nordahl Grieg og Nils Lie) vart lansert ved påsketider på eit rimeleg originalt vis. Boka heit «Bergenstoget plyndret i natt» og forlaget lanserte den med annonser som såg ut som nyheitsoppslag på avisenes forsider. Sjølv om det stod med liten skrift at dette kun var ei annonse, vart avisene nedringt av fortvilte folk som hadde familie og venner på toget. Tips til påskekrim i år - grøssande krim frå Trondheim I 1528 gjer ein ung, fransiskanermunk eit kort opphald i Bergen før han dreg nordover. Med seg frå byen tek han eit utval knivar og eit ubehandla skinn. Nesten fem hundre år seinare dukkar det opp eit flådd lik på eit museum i Richmond, Virginia, og eit til i Trondheim. Begge drapa ser ut til å ha ein samanheng med Johannesboka, ei gammal tekst skrive på pergament. Det er vakta Jon Vatten som gjer det gruful