Påskekrim

Boka er også filmatisert.
Vi har DVD-en.


Fenomenet oppstod ifølgje legenda i 1923 da ei krimbok skrive av Jonatan Jerv (eit fellespsevdonym for forfattarane Nordahl Grieg og Nils Lie) vart lansert ved påsketider på eit rimeleg originalt vis. Boka heit «Bergenstoget plyndret i natt» og forlaget lanserte den med annonser som såg ut som nyheitsoppslag på avisenes forsider.
Sjølv om det stod med liten skrift at dette kun var ei annonse, vart avisene nedringt av fortvilte folk som hadde familie og venner på toget.






Tips til påskekrim i år - grøssande krim frå Trondheim

I 1528 gjer ein ung, fransiskanermunk eit kort opphald i Bergen før han dreg nordover. Med seg frå byen tek han eit utval knivar og eit ubehandla skinn.

Nesten fem hundre år seinare dukkar det opp eit flådd lik på eit museum i Richmond, Virginia, og eit til i Trondheim. Begge drapa ser ut til å ha ein samanheng med Johannesboka, ei gammal tekst skrive på pergament.

Det er vakta Jon Vatten som gjer det grufulle funnet i Gunnerusbiblioteket i Trondheim. Ein av bibliotekarane er myrda på bestialsk vis, hovudet er hugga av, huda på liket er fjerna frå overkroppen. For Jon Vatten er mordet ei katastrofe. Han var den siste som såg bibliotekaren i live, dei delte ei flaske vin, og han hugsar ikkje kva som skjedde.

Ein gammal bokrygg som er trukke i menneskeskinn. Ei filosofisk læresetning som går att gjennom verdshistoria. Mord begått på kvar si side av kloda. Samanhengen er meir skremmande enn du kan tenkje deg ...


Grøss og gru - det er berre å glede seg til neste bok!


Dette er den fyrste romanen om den amerikanske drapsetterforskaren Felicia Stone og den norske politimannen Odd Singsaker.

Forfattar: Jørgen Brekke
Tittel: Nådens omkrets
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS
År: 2011
376 s.

Krim frå Lom

Elles er det verdt å merke seg at det nyleg er utgjeven ei krimbok med handling frå Lom. Det er Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden som har skrive ei bok saman. Vi har foreløpig to eksemplar, og  har allereie fått ei tilbakemelding frå ein lånar om at boka var "jælma" spennande! Så her har vi noko å sjå fram til.


Forlaget skriv om boka:
Lom sentrum myldrar av påsketuristar, blant anna fleire utflytta lomværar som har hytter i området. Påskefreden blir brått eit mareritt når ei kvinne blir funnen brutalt drepen på hytta si.

Kort tid etter finn bakaren i Lom, Morten Schakenda, ein annan lomvær drepen, og politiet skjønar at drapa heng saman. Offera har gått i same klasse på ungdomsskolen og det er grunn til å tru at begge desse sakene har djupe røter i fortida.


Forfattarparet Kroken & Kolden er Vigdis Kroken, journalist og Ragnhild Kolden, bokhandlar. Begge er frå Lom.


Forfattarar: Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
Tittel: Evig skal døden vera
Forlag: Samlaget
År: 2011
219 sider


Fleire tips:




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede