"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Utruleg morosam bok!

Dette er ei heidundrandes bygdeforteljing med sjølvaste Ivar Aasen som sin øvste beskyttar. I bygda Vassbygda klamrar dei seg til nynorsken. Problemet er at vassbygdingane ikkje klarer å einast om nokon ting, ikkje ein gong om dei bur i Vassbygda eller Vassbygdi. Sylvia på a-sida køyrer rundt i ein Audi med Auda-skilt, Uføre på i-sida, har ein Toyota med Toyoti-skilt.

Boka opnar og endar med to brotsverk. Begge desse vert utførte av Orm Åkerstein, og begge vert utførte som ein del av målstriden. Det fyrste er retta mot Posten, og er ein protest mot all reklamen som kjem på bokmål. Det andre er retta mot bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand, og vert gjort for å hindra at andre Ivarar kan stå i vegen for sjølvaste Ivar Aasen.

Elles er det  mange andre døme på korleis ein kan kjempa for målsaka. Dirigenten i det lokale koret får gjennomgå skikkeleg etter at berre ein av åtte songar under ein konsert var på nynorsk. Han blir kidnappa og får ei behandling han seint vil gløyme. Dagleg leiar i Lillestrøm Sportsklubb får vitjing av ein buss vestlendingar som gjerne vil heie på Veslestraumen (Lillestrøm), og som har døypt heimebana om til Aar-Aasen. Sylvia reiser rundt til tinghus i bokmålskommunar for å be om bustøtteskjema på nynorsk. Bendik Uføre held føredrag om ein teori han har, nemleg at folk likar betre ord med mange vokalar. Sidan nynorsk har fleire vokalar enn bokmål, er det eit betre språk. Bendik Uføre gøymer seg i hyllene bak hvetemelet, for å passe på at ungane som kjem for å handle hvetemel, er klar over at det er kveitemjøl, og ikkje hvetemel dei skal heim å bake med.

Men den verkeleg store trusselen – i alle fall slik Vassbygdingane ser det – befinn seg altså i Dyreparken i Kristiansand i form av ein bjørnunge med navnet Ivar. Kva om bjørnungen blir like populær som apa Julius, og ingen lengre vil forbinde det tradisjonsrike gutenamnet med Ivar Aasen og i staden assosiere det til ein bjørnunge?

Bak lukka dører i Vassbygda/Vassbygdi leggjast det skumle planar for kva som må gjerast med bjørnungen…

Boka er den fyrste i ein trilogi. Eg gler meg stort til det neste bok!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

90 personar var med på festen på biblioteket

Kunstutstilling