Forfattarbesøk av Anders Totland


Vi har invitert 10. klassingane i Skjåk

Anders Totland kjem til Skjåk folkebibliotek for å lese frå den nye boka si for 10. klassingane våre. Anders har laga ei framsyning der han kombinerer høgtlesing med pianospeling. Han har sjølv laga musikk til boka.

Den allsidige forfattaren har tidlegare gjeve ut barneboka "Vampyrane i Eplehagen". Han er utdanna kokk og samfunnsvitar, men jobbar til dagleg som journalist i avisa Sunnhordland.

Årets vakraste ungdomsbok?

Boka "Engel i snøen" av Anders Totland har fått terningkast 5 i både Dagbladet og Bergens Tidende.

Ein meldar skreiv at boka var det finaste han hadde lese om livet og døden, medan ein annan foreslo at dette kunne vere årets vakraste ungdomsbok på norsk.

Les utdrag frå boka

Eit utdrag frå boka er også med i årets tXt-aksjon Panser, som er distribuert til meir enn 120.000 elevar i ungdomsskulen.




"Engel i snøen er ei sår, usentimental og lettlesen
forteljing om svært
unge i ei sjukehusavdeling.
(…) Ei utrygg verd, gjort
trygg og levande tilgjengeleg
på ein varm måte. 
"
Bømlonytt

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Teikneseriar

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Levi Henriksen avrunda Vinterles