Innlegg

Viser innlegg fra november, 2018

Boktips - Luridiumstyven

Bilde
Forfattar: Bobbie Peers
Forlag: Aschehoug forlag Kodeknekkarar, onde skurkar og eit hemmeleg forskingsinstitutt
Luridiumstyven handlar om 12 år gamle William Wenton, som oppdagar at han ikkje er som alle andre.

William og familien lever under dekknavn i Norge, og han er uvanleg god til å knekkje kodar.

Bestefaren forsvant utan spor i Londons undergrunn for åtte år sidan, men det er først når William løyser «Umuligheten», verdas  vanskelegaste kode, og blir sendt til Senter for Posthuman Forskning, at livet hans verkeleg tek ei rar og dramatisk vending.

Han byrjer å avdekkje familiens hemmelegheiter, og snart hastar det med å finne den forsvunne bestefaren … for William er i fare.

Utdrag frå side 46 og 47 i «Luridiumstyven»«William lente seg enda lenger frem og kikket ned i den mørke gangen. Plutselig fikk han øye på en stor skygge som beveget seg langs veggen og forsvant. Han skulle til å rope, men ble avbrutt av pappa som skrek for fulle lunger fra stua: «WILLIAM! KOM DEG UT AV HUSET!…

Intimkonsert

Bilde
Stemningsfullt på biblioteket Her er ein liten "smakebit" frå konserten i går kveld. Dyktige musikarar framførte vakre og stemningsfulle melodiar. 
Stina Kjelstad: gitar og vokal Andreas Barsnes Onarheim: mandolin og vokal Thorbjørn Andre Bilstad Olsen: dobro og vokal

Vi fekk ei intim og nær konsertoppleving.

"Dette var ein perfekt arena for konsert, eg likar å vere tett på publikum", sa Stina Kjelstad.
Skal du på konsert? Eller skal du arrangere ein? Vi kan trygt anbefale denne trioen :)






Boktips

Bilde
Lucas Jackson
av Karin Kinge Lindboe
Lucas er 11 år. Mora har flytta til USA og no bur Lucas  saman med far sin.

Det er ei ufordring at faren er psykisk sjuk. Han er bipolar og ofte dårleg. Lucas har opplevd at faren kan vere veldig høgt oppe, men også veldig langt nede psykisk. Lucas gjer alt han kan for at pappa skal ha det bra. Han lagar pannekaker og bryggjer te, men pappa orkar ingenting. Denne gongen treng dei verkeleg hjelp.

 «Nå er pappa deppa. Han har vært sånn før, mange ganger, men nå, nå er han helt flat. Vil ikke stå opp engang. Lucas sukker. I sommer var pappa supermann. Han og faren var oppe en hel natt og så Star Wars på video, drakk cola og spiste potetgull. Neste morgen sov de lenge. I dag skal du og jeg dra til København, sa pappa da de våknet. Han rusket Lucas i håret og lo. Jeg har bestilt flybilletter, sa han, vi drar i ettermiddag. København, tivoli, røde pølser og båttur.»

Det er vanskeleg å prate med andre om korleis han har det heime. Heldigvis kjem hjelpa frå…