Boktips

Lucas Jackson
av Karin Kinge Lindboe


Lucas er 11 år. Mora har flytta til USA og no bur Lucas  saman med far sin.

Det er ei ufordring at faren er psykisk sjuk. Han er bipolar og ofte dårleg. Lucas har opplevd at faren kan vere veldig høgt oppe, men også veldig langt nede psykisk. Lucas gjer alt han kan for at pappa skal ha det bra. Han lagar pannekaker og bryggjer te, men pappa orkar ingenting. Denne gongen treng dei verkeleg hjelp.

 «Nå er pappa deppa. Han har vært sånn før, mange ganger, men nå, nå er han helt flat. Vil ikke stå opp engang. Lucas sukker. I sommer var pappa supermann. Han og faren var oppe en hel natt og så Star Wars på video, drakk cola og spiste potetgull. Neste morgen sov de lenge. I dag skal du og jeg dra til København, sa pappa da de våknet. Han rusket Lucas i håret og lo. Jeg har bestilt flybilletter, sa han, vi drar i ettermiddag. København, tivoli, røde pølser og båttur.»

Det er vanskeleg å prate med andre om korleis han har det heime. Heldigvis kjem hjelpa frå ein lærar som skjønar at ikkje alt er slik det skal vere. Ho får faren innlagt på Gaustad sjukehus, og ho tek seg godt av Lucas som får bu heime hjå henne.

Vennen Gustav står last og brast med Lucas, til tross for den maniske faren. «Jeg er på ditt parti. Alltid», forsikrar Gustav.

Dette er ei sterk og hjartevarmande bok for ungdom og vaksne. Den handlar om vennskap, familie og kor viktig det er å ha folk rundt seg.

God bok!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede