Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2019

Boktips - Hvem i skogen?

Bilde
av Lise Dragland
Illustrert av Regine Toften Hols
Dette er ei artig bok til små lesestartarar i alderen 4 - 7 år, og perfekt for deg som likar ein klam vits og artige ordspel. Berre høyr her da: Kven i skogen får det travelt når det snør? Måke-n. 
Løveunge er ein serie med små og fargerike bildebøker med artige historier, fortalt med lite tekst, det er kun ei setning på kvar side.

Her er ein nokre "smakebitar" :


Verdas poesidag

Bilde
Verdas poesidag blir markert den 21. mars kvart år, etter at han vart innført av UNESSCO i 1999.

Føremålet med dagen er å skape merksemd rundt lesing, skriving og læring av poesi over heile verda.

Her er eit dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk.



Skulestartarane i Skjåk på BokLeik

Bilde
Positive litteraturopplevingar for skulestartarane våre BokLeik er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle folkebiblioteka i Hedmark og Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen.

I dag kom skulestartarane våre til biblioteket for å høyre forfattar Anna R. Folkestad fortelje om den nyaste boka si, "Ulla".

Vi fekk høyre om Ulla og flokken som leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne.

Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin?

Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.

Anna R. Folkestad har skrive fleire bøker for barn, og er ein av våre favorittar. Ho har m.a. skrive bøkene om Unni og Gunni o…