Skulestartarane i Skjåk på BokLeik

Positive litteraturopplevingar for skulestartarane våre

BokLeik er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle folkebiblioteka i Hedmark og Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen.

I dag kom skulestartarane våre til biblioteket for å høyre forfattar Anna R. Folkestad fortelje om den nyaste boka si, "Ulla".

Vi fekk høyre om Ulla og flokken som leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne.

Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin?

Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.

Anna R. Folkestad har skrive fleire bøker for barn, og er ein av våre favorittar. Ho har m.a. skrive bøkene om Unni og Gunni og Besta og Bo. Anbefalast varmt :)

Alle skulestartarane skal få kvar sin fine BokLeik-gymbag.

Anna R. Folkestad
Anna R. Folkestad las frå boka "Ulla"


Anna R. Folkestad
Anna R. Folkestad las frå boka "Ulla"



Anna R. Folkestad
Anna R. Folkestad er både forfattar og illustratør


Anna R. Folkestad er både illustratør og forfattar

Boka "Ulla" er ei hjartevarm forteljing om vennskap. Anbefalast :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås