Sommarles 2019

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!

Leselystaksjon

Sommarles er ein nasjonal leselystkampanje som gjer lesing enno litt kjekkare. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng), og går etter kvart opp i level.

Om du var med i fjor kan du bruke samme brukarnamn og passord.

All lesing blir rekna med og gjev poeng

Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er ein nettbasert kampanje

På nettsida sommarles.no kan du lage din eigen profil, registrere bøker, få lesetips, løyse oppgåver og fylgje med på kva vennene dine les. Her får du også tilgang til ei superspennande fantasyforteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

Har du ikkje internett?

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass . Da er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med det.

Ta turen innom sommarles.no for meir informasjon – eller besøk ditt lokale bibliotek!

Avslutning til hausten

Vi avsluttar lesekampanjen i september med premieutdeling m.m. Vi samarbeider med Norddalsbiblioteka. Det blir fine premiar som er sponsa av m.a. SpareBank1 Lom og Skjåk og Skjåk Energi.

Bra oppslutning i fjor

I Skjåk var 49,3 % av alle ungane med. Dei las til saman 842 bøker,  og totalt 83597 sider. Vi var nr 2  i Oppland på oppslutning. Vang kommune var nr 1. 

I Oppland var det med 1467 barn som tilsaman las 22682 bøker. Bra jobba og bra lese :)

Her er ein liten Sommarlesvideo:







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede