Spennande dystopi for barn og ungdom



Alene 1 - Forsvinningen

av Gazzotti og  Vehlmann


Fem ungar vaknar opp i ein by der alle bebuarane har forsvunne på mystisk vis i løpet av natta. Alle, inkludert mamma og pappa, er borte vekk. TV og internett har slutta å fungere. Ungane finn kvarandre. Redde og fortumla prøver dei å finne ut kva som har skjedd og korleis dei skal klare seg i ei ny og farleg verd. Dei må lære å overleve… ALEINE.
(Eller…er dei eigentleg aleine?)

Historia har nerve frå fyrste stund. Spenningsnivået er høgt og held seg gjennom heile serien. Dette er ein lettlesen og spennande teikneserietriller som anbefalast frå 10 år og langt oppover.

Så langt er seks bøker i denne serien oversatt til norsk. Vi har dei på biblioteket. Løp og lån :)

Alene 1 – Forsvinningen
Av Fabien Vehlmann og Bruno Gazzotti
ISBN 9788293569008
46 sider
QlturRebus Forlag






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede