Vi på Skjåk folkebibliotek har rydda, måla og pussa opp biblioteket vårt. No er vi på jakt etter fleire hyller til reolane våre. Dei vart i si tid kjøpt hjå Torco AS som diverre vart lagt ned i 2013. Vi kan ikkje sjå at desse er i sal lengre. Kanskje kan du hjelpe oss? Smal reol Her ynskjer vi å kjøpe fleire hyller til reolen. Mål: Reolen er 25 cm på kortsida , sjølve hylla er 20 x 88 cm. (Det er 16 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. Tidsskrift reol Vi ynskjer å bruke denne reolen til tidsskrift, vi treng da fleire skråhyller slik som den øvste hylla. Mål: Reolen er 35 cm på kortsida , hylla er 29,5 x 88 cm. (Det er 22,5 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. - Veit du om nokon som kan ha slike hyller som ikkje er i bruk? - Veit du om det er mogleg å få kjøpt desse nokon stad? Smal reol 25 cm Smal reol Tidsskriftreol 35 cm Tidsskriftreol
Alene 1 - Forsvinningen av Gazzotti og Vehlmann Fem ungar vaknar opp i ein by der alle bebuarane har forsvunne på mystisk vis i løpet av natta. Alle, inkludert mamma og pappa, er borte vekk. TV og internett har slutta å fungere. Ungane finn kvarandre. Redde og fortumla prøver dei å finne ut kva som har skjedd og korleis dei skal klare seg i ei ny og farleg verd. Dei må lære å overleve… ALEINE. (Eller…er dei eigentleg aleine?) Historia har nerve frå fyrste stund. Spenningsnivået er høgt og held seg gjennom heile serien. Dette er e in lettlesen og spennande teikneserietriller som anbefalast frå 10 år og langt oppover. Så langt er seks bøker i denne serien oversatt til norsk. Vi har dei på biblioteket. Løp og lån :) Alene 1 – Forsvinningen Av Fabien Vehlmann og Bruno Gazzotti ISBN 9788293569008 46 sider QlturRebus Forlag
Bli med på ein kul lesekampanje i sommar! Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing artig, du lagar ein profil på Sommarles.no , registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og fylgjer med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør oss på biblioteket. Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren. “Sommarles” – årets dille for skulebarn! Bloggaren «Pappahjerte» Til foreldre/føresette Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga f
Kommentarer
Legg inn en kommentar