Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja Nesten 5 000 lesne bøker i sommarferien I år er det sjuande året biblioteka i Norddalen inviterte til felles lesekonkurranse i skuleferien. Konkurransen heiter SOMMAR + BOK og alle 6 – 15 åringar vart oppmoda om å vere med. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 1. september. Det har vore ei jamn auke på innleverte skjema og lesarar kvart år. I år vart totalt 374 deltakarar som leverte 992 skjema med til saman 4 960 lesne bøker. Både foreldre og lærarar i skulen tykkjer det er positivt at ungane får inspirasjon til å vedlikehalde lesinga i sommarferien. Populære armband og gjeve premiar For kvart skjema lesarane leverte inn, fekk dei eit armband. Armbanda har forskjellige fargar med ulike lokale uttrykk som: «Sommar + Bok» (gult band), «Hell du da?» (lilla band) , «Ha’u lese denna?» (turkis band) og sist, men ikkje minst det gjevaste bandet «Svart ...