Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen kan litt data frå før - men dei ynskjer å lære meir. Foto Sigrun Eide Flinke, oppegåande og arbeidsviljuge deltakarar I februar og mars har vi hatt datakurs for seniorar. Det var stor interesse for kurs i år, vi fekk to fulle grupper med 10 deltakarar på kvar. Vi er heldige som har studiesenteret som vi kan nytte oss av. På timeplanen sto grunnleggjande databehandling. Først lærte vi om tastaturet og datamusa, før vi var snøgt innom tekstbehandling. Vi brukte mest tid på internett i dette kurset - vi har googla podagra, kjøttmat frå Skjåk, vêrmeldingar, nyheiter, togbillettar, bøker og mykje meir. Vi inviterte SpareBank 1 Lom og Skjåk. Ingvard Olstad, Kristin Resvoll og Britt Sperstad kom og informerte om nettbank. Elling Starrem frå Skjåk kommune var innom og informerte om offentlege nettsider. Sigrun forklarte tastatur, mus, tekstbehandling og internett frå storskjermen medan Hanne, Inger Kristen og Jenni Anette sø