Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2010

La meg synge deg stille sanger - av Linda Olsson

Bilde
. Ei vakker bok om venskap Vi blir kjend med Veronica, ei dame midt i trettiåra. Ho søkjer tilflukt i eit hus i Sverige etter ei dramatisk hending. Planen hennar er å skrive ein roman, men det er tydeleg at ho flyktar frå noko. Ho blir advara mot naboen, "heksa" Astrid. Ein dag bankar ho på, og dei utviklar eit uventa og uvanleg venskap. Astrid viser seg å være ei einsam gammal dame som aldri har vore utanfor bygda. Dei fortel kvarandre sine innarste hemmelegheiter, vi får høyre historier om den djupaste kjærleik som er øydelagt av skjebnen eller vondskapen i skikkelse av ein far og ein ektemann. Og Astrid har verkeleg vanskelege hemmelegheiter ho held skjult. Det er mykje drama og vondskap, men boka formidlar det på ein måte som passer resten av historia. Dette er ei varm bok om venskap på tvers av alder. Man skal ha eit hjerte av stål for ikkje å gråte! Sigrun La meg synge deg stille sanger kom ut i 2005 og er populær i fleire land. Hennar andre roman, Taushetens konsekven

Mange nye boktips på barnebloggen vår

Bilde
. 3. klasse i Marlo anbefaler: . . . . . 3. klasse i Marlo har jammen vore flittige på etterjulsvinteren. Dei har lese kvar si bok og sendt inn bokanbefalinger til bloggen vår. . Sjå bloggen vår for: Barne- og ungdomsbøker Lagt inn av: Sigrun

Ope dag på Otta om utdanning for vaksne

Bilde
Karrieresenteret Opus Nord-Gudbrandsdal arrangerar ope dag om vaksnes læring torsdag 18. februar. Klikk på bilete for å lese meir. . . . . . Lagt inn av: Sigrun

Morten Schakenda

Bilde
"-om boller, brød og tilfeldigheter fra Bakeriet i Lom" . . "Baker'n brød " Les historia om Morten Schakenda, ein av Noregs beste kokkar som pakka vekk kokkeknivane og vart bakar i Lom. Det er også ei bakebok som får deg til å lengte etter dufta av nybaka brød, og lærer deg kunsten å bake brød. Vi har boka! Sjekk om boka er inne:) Til inspirasjon ...... Lagt inn av: Sigrun

Slumdog millionaire

Bilde
Sjå ein god film! Dette er ei søt og medrivande historie med knallhard slumrealisme, farleg mafiaverksemd og eit spe nnande spørjeprogram. Den unge gateguten Jamal er i avhøyr hjå politiet. Han er nemleg mistenkt for juks i det populære TV-programmet "Vil du bli millionær". Korleis kan ein Slumdog vite så mykje? Jamal fortel korleis han har svar på alt, samtidig blir det ei skildring av heile hans oppvekst som slumgut. Vi får sjå kva Jamal og broren Salim måtte gjere for å overleve livet på gata, og vi får ta del i Jamals gryande kjærleik til gatejenta Latika. Det er imponerande korleis filmen fortel fleire historier samtidig, og flettar dem lett inn i kvarandre, både i fortid og notid. Bli med til den fargerike slummen og det store folkehavet som fyller kvar filmrute med liv, lydar og lukter."Slumdog Millionaire" vil sjarmere deg, men ikkje før den har fått deg til å le og gråte over Jamal og hans fantastiske historie. Filmen er ei stor oppleving du bør unne deg! S

"P2-lytternes romanpris"

Bilde
Forfattaren Karl Ove Knausgård er vinnaren av den gjeve lyttarprisen med boka "Min kamp. Første bok", som er den fyrste av i alt seks bind. Juryen har bestått av vanlege radiolyttarar, med forskjellig bakgrunn. - "Jeg hadde egentlig bestemt meg for at jeg ikke skulle like den, men ble overbevist etter bare å ha lest ett kapittel", seier Kristine Thorsen i juryen. Les ein bokomtale av boka: - "Min kamp. Første bok" Lagt inn av: Sigrun

I "Fjuken" 4/2-10

Bilde
Konservator Kåre Hosar på Skjåk folkebibliotek - eit foredrag om kva som finst på Maihaugen frå Skjåk Klikk på bilete for større tekst Lagt inn av: Sigrun

Bjørnson-året 2010

Bilde
I år er det 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde. Dette skal markerast over heile landet. Bjørnstjerne Bjørnson vart født 8. desember 1832 på Bjørgan prestegard i Kvikne i Østerdalen. Han er kjend for sine mange forteljingar, romanar, historiske skodespel og nærare 400 dikt som har inspirert mang ein tonekunstnar. Mest kjend er Bjørnson for nasjonalsongen vår Ja, vi elsker og bondeforteljingane Synnøve Solbakken og En glad gutt. I 1903 fikk Bjørnson Nobels litteraturpris for sitt forfattarskap. Bjørnson vart samtidas store kulturpersonlegheit i det litterære, kulturelle og politiske liv. Ingen sak var for liten eller stor. Han tok eit klart standpunkt for dei små i samfunnet og for dei små nasjonars rett til friheit og sjølvstende. På biletet ser du Bjørnstjerne Bjørnson, eit oljemåleri av P. S. Krøyer, måla i 1901 på Aulestad. Les meir om Bjørnson: - Den nasjonale nettsiden for Bjørnsonåret - Oppland fylkeskommune markerer Bjørnsonåret 2010 - Bjørnsonåret - Maihaugen ..........