La meg synge deg stille sanger - av Linda Olsson

.

Ei vakker bok om venskap

Vi blir kjend med Veronica, ei dame midt i trettiåra. Ho søkjer tilflukt i eit hus i Sverige etter ei dramatisk hending. Planen hennar er å skrive ein roman, men det er tydeleg at ho flyktar frå noko. Ho blir advara mot naboen, "heksa" Astrid. Ein dag bankar ho på, og dei utviklar eit uventa og uvanleg venskap. Astrid viser seg å være ei einsam gammal dame som aldri har vore utanfor bygda. Dei fortel kvarandre sine innarste hemmelegheiter, vi får høyre historier om den djupaste kjærleik som er øydelagt av skjebnen eller vondskapen i skikkelse av ein far og ein ektemann. Og Astrid har verkeleg vanskelege hemmelegheiter ho held skjult. Det er mykje drama og vondskap, men boka formidlar det på ein måte som passer resten av historia. Dette er ei varm bok om venskap på tvers av alder. Man skal ha eit hjerte av stål for ikkje å gråte!
Sigrun
La meg synge deg stille sanger kom ut i 2005 og er populær i fleire land. Hennar andre roman, Taushetens konsekvenser, kom ut i 2009, og gikk rett inn på dei norske bestselgerlistene.

Vi har både bok, lydbok og digibok.

Sjekk om dei er inne her:

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede