Slumdog millionaire


Sjå ein god film!


Dette er ei søt og medrivande historie med knallhard slumrealisme, farleg mafiaverksemd og eit spennande spørjeprogram. Den unge gateguten Jamal er i avhøyr hjå politiet. Han er nemleg mistenkt for juks i det populære TV-programmet "Vil du bli millionær". Korleis kan ein Slumdog vite så mykje? Jamal fortel korleis han har svar på alt, samtidig blir det ei skildring av heile hans oppvekst som slumgut. Vi får sjå kva Jamal og broren Salim måtte gjere for å overleve livet på gata, og vi får ta del i Jamals gryande kjærleik til gatejenta Latika. Det er imponerande korleis filmen fortel fleire historier samtidig, og flettar dem lett inn i kvarandre, både i fortid og notid. Bli med til den fargerike slummen og det store folkehavet som fyller kvar filmrute med liv, lydar og lukter."Slumdog Millionaire" vil sjarmere deg, men ikkje før den har fått deg til å le og gråte over Jamal og hans fantastiske historie.

Filmen er ei stor oppleving du bør unne deg!

Sigrun
Vi har både boka, lydboka og filmen på biblioteket.

Sjekk om filmen er inne her : )
Sjekk om boka er inne her : )
Sjekk om lydboka er inne her : )

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk