Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2010

Magnhild Bruheim

Bilde
. Krim og spenning for ungdom og vaksne Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho er forfattar og journalist, og dessutan niesa til Jan-Magnus Bruheim. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og spenningsromanar for ungdom. Ho debuterte med kriminalromanen Varselet (1997), som tek utgangspunkt i skremmande ting frå hennar eigen oppvekst i Skjåk i sekstiåra. Debuten gav meirsmak og etter kvart kom Maskerade (1999), Utan englevakt (2000), Svart arv (2001) og Dragsug (2002). Ho har og skrive tre spenningsbøker for ungdom, Ny melding (2003), Venneringen (2007), desse to har vi skrive om tidlegare på bloggen vår for barne- og ungdomsbøker, den aller nyaste boka hennar for ungdom kom ut denne veka , På flukt (2010). Vi har bøkene hennar på biblioteket. Les ei god Magnhildbok På flukt . Ny ungdomsbok for ungdom om tvangsekteskap og æresdrap Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver

Påskekrim

Bilde
. Camilla Läckberg Camilla Läckberg blir omtala som "Nordens krimdronning". Ho har fleire gonger toppa den svenske bestselgerlista. Fyrvokteren , som akkurat er gjeve ut, er den sjuande boka i serien om forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström. Camilla Läckberg debuterte som kriminalforfattar i 2003 med Isprinsessen (norsk utgåve hausten 2008). Denne boka har fått prisane Le Grand Prix de Littérature Policière og Le Prix Polar International. Gyldendal har også gjeve ut Predikante n (2005), Steinhuggeren (2006), Ulykkesfuglen (2007), Tyskerungen (2008) og Havfruen (2009). Dei to første er begge blitt nominert til «Årets bästa svenska deckare». Handlinga i bøkene hennar er lagt til idylliske Fjällbacka. Fleire av dei er filmatiserte. Filmane er også vist av NRK. Vi har bøkene, fleire av filmane, lydbøkene og digibøkene. - Søk på Läckberg, Camilla i katalogen vår. I den første boka hennar, Isprinsessen , blir Erica si bestevenninne frå barndommen funnen død

Knivutstilling ved 10. klasse

Bilde
. Flotte knivar ..... ..................... Ta deg ein tur til biblioteket for å sjå på dei fine knivane 10. klassingar ved Skjåk ungdomsskule har laga. Oppgåva til elevane har vore å lage ein brukskniv med dekorpynt, inspirert av akantus, i to fargar. Det er tydeleg at det er lagt ned mykje arbeid i kvar kniv. Flotte knivar! Lagt inn av: Sigrun

Jan-Magnus Bruheim

Bilde
... Jan-Magnus Bruheim var diktar og forfattar. Han var først og fremst lyrikar, men skreiv også ein del prosa, deriblant ei rekkje barnebøker. . Bruheim vart fødd 15.2.1914 i Skjåk, der han også døydde 10.8.1988. Han tok framhaldsskule og ungdomsskule, men slutta etter eitt år på middelskulen. I åra 1957-61 arbeidde han som lærar, elles var han lenge gardsarbeidar på farsgarden, som broren seinare overtok. Forutan 18 diktsamlingar og ei rekkje prosabøker har han skrive to høyrespel som er sende i radio. Bruheim reiste mykje rundt og las opp frå bøkene sine. Han tok samtida si på pulsen, men diktinga hans er likevel tid- og stadlaus. Eit sentralt tema er striden mellom det vonde og gode, mellom det lyse og mørke. Bruheim var ei tid medlem av Det litterære råd i Den norske forfatterforening. Han har blitt heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Nært knytt til heimegarden Bruheim voks opp som den fjerde i ein syskenflokk på seks på garden Larskvee i L

Den kvite hjorten med Tindra og Helge Jordal

Bilde
.. .. Tekst: Jan-Magnus Bruheim .. Dette er ei familieframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett dei 61 versa på rim, bli med på ei musikalsk reise saman med Helge Jordal og elevar frå Skjåk kulturskule (karusellgruppa) i den kvite hjorten si verd. Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp. Trioen kjem til Skjåk torsdag 25. mars for å syne fram denne musikalske historia. Marlo grendehus er lokalet. I samband med denne framsyninga har vi laga ei utstilling med Jan-Magnus Bruheim sine bøker og informasjon om forfattarskapen hans. Sjekk om boka "Den kvite hjorten" er inne :) Sjekk om cd-en "Den kvite

"Den store sangskatten" med Marianne Kostøl

Bilde
........ ......... . . . . Klikk på bilete for større tekst Lagt inn av: Sigrun