Magnhild Bruheim

.

Krim og spenning for ungdom og vaksne

Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho er forfattar og journalist, og dessutan niesa til Jan-Magnus Bruheim. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og spenningsromanar for ungdom. Ho debuterte med kriminalromanen Varselet (1997), som tek utgangspunkt i skremmande ting frå hennar eigen oppvekst i Skjåk i sekstiåra. Debuten gav meirsmak og etter kvart kom Maskerade (1999), Utan englevakt (2000), Svart arv (2001) og Dragsug (2002). Ho har og skrive tre spenningsbøker for ungdom, Ny melding (2003), Venneringen (2007), desse to har vi skrive om tidlegare på bloggen vår for barne- og ungdomsbøker, den aller nyaste boka hennar for ungdom kom ut denne veka, På flukt (2010). Vi har bøkene hennar på biblioteket.



Les ei god Magnhildbok

På flukt
.

Ny ungdomsbok for ungdom om tvangsekteskap og æresdrap

Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp? Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.
Magnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami. Passar godt for både ungdom og vaksne. God bok!



Trolldomskraft
Hekseri
Magnhild har og skrive ein spennande historisk roman, Trolldomskraft. I denne boka er eit avhøyr som fann sted på Øyer prestegard i 1730 utgangspunkt for boka. Da måtte Siri Jørgensdotter forklare seg for myndige menn kva for opplevingar ho hadde hatt saman med si ”trollkyndige” mormor. Siri har ein frodig fantasi og ein farleg trong til å gje svar som er forventa av dei myndige, ho anar ikkje kva for farleg situasjon ho sett seg sjølv i. Øvrigheita på si side er ivrige etter å avsløre hekseri, dei trur begjærleg på det Siri fortel. Bakom skremmer historiene om kvinner som har mista hovudet eller blitt brent på bålet fordi dei har kasta trolldom over folk og fe. Når mormora døyr, står Siri i sterk fare for å bli dømt til døden, no gjeld det å stagge fantasien for å berge livet. God bok!


Nattskrik

Handling frå Sota
I kriminalromanen Nattskrik blir ei ung kvinne sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga. Hans Velid reiser til Sota Sæter for å sjå ei amatørteatergruppe sette opp eit stykke. Det er dottera Tuva som har oppfordra han til å komme, Tuva er journalist og skal skrive ei omtale av framsyninga. Det tek ikkje lang tid før det skjer eit mord på Sota, det er hovudrollinnehavaren som blir funnen drepen. Med stødig hand tek Velid kontroll over etterforskinga og sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret. God bok!


Les meir om Magnhild Bruheim her :)

Biblioteket har ope til og med onsdag 31/3 i påskeveka. Stikk innom da vel!
Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede