Jan-Magnus Bruheim

...
Jan-Magnus Bruheim var diktar og forfattar. Han var først og fremst lyrikar, men skreiv også ein del prosa, deriblant ei rekkje barnebøker.

.
Bruheim vart fødd 15.2.1914 i Skjåk, der han også døydde 10.8.1988. Han tok framhaldsskule og ungdomsskule, men slutta etter eitt år på middelskulen. I åra 1957-61 arbeidde han som lærar, elles var han lenge gardsarbeidar på farsgarden, som broren seinare overtok. Forutan 18 diktsamlingar og ei rekkje prosabøker har han skrive to høyrespel som er sende i radio.
Bruheim reiste mykje rundt og las opp frå bøkene sine. Han tok samtida si på pulsen, men diktinga hans er likevel tid- og stadlaus. Eit sentralt tema er striden mellom det vonde og gode, mellom det lyse og mørke. Bruheim var ei tid medlem av Det litterære råd i Den norske forfatterforening. Han har blitt heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen.


Nært knytt til heimegarden
Bruheim voks opp som den fjerde i ein syskenflokk på seks på garden Larskvee i Lundagrende i Skjåk. I oppveksten fekk han ta del i eit rikt åndsliv. Mora, Torø Jonsdotter Lund, var musikalsk og ein dugande forteljar, men ho døydde då han var berre 14 år, og dette var eit hardt slag for heile familien. Faren, Mathias Bruheim, var indremisjonsmann og mykje med i fråhaldsarbeid og bygdepolitikk.

Bruheim hadde eit nært forhold til heimegarden og naturen ikring. Etter at syskena hans vaks til og flytte heimanfrå, blei han buande att heime på garden saman med faren, og dei to flytta i lag i ei eiga stove då den eldste broren Hans overtok. Bruheim deltok lenge i gardsarbeidet, men var helseveik. Han var ugift og levde i Skjåk heile sitt liv, med unntak av åra 1978-85, då han budde i Botnane i Bremanger.

Tidlaus om naturen og mennesket
Han fann tidleg ut at han ville verte diktar. Han tok til å skrive så snart han kunne setje saman ord, fortel han sjølv. I byrjinga heldt han dikta sine for seg sjølv, seinare sleit han for å få gje ut si første diktsamling. Gjennombrotet kom i 1941 med Stengd dør. Den siste samlinga hans, Spegelbrot, kom ut etter hans død i 1990. Det er gjeve ut to utval av dikta hans, Dikt 1941-1966 og Dikt i samling (1981), begge utvalde av Reidar Djupedal.

Diktinga til Bruheim representerte eit brot med den politiske lyrikken i 1930-åra. Den er i stor grad tidlaus og allmennmenneskeleg, og har sterke drag av naturstemningar og folkedikting. Eit tema som ofte går att er einsemd og trongen til kontakt med andre. Bruheim heldt seg mykje til den klassiske diktar-stilen med bunden verseform og rim. I ein periode kring 1970 var han likevel noko friare i stilen, før han seinare vende tilbake til ei meir klassisk dikting att.

Pedagogen og barnebokforfattaren
Bruheim hadde sterke pedagogiske evner. Skulen måtte styrke draumane og forteljargleda før teknikk og pedanteri tok borna, meinte han. Bruheim arbeidde sjølv i fire år som lærar i Skjåk og Vågå, men då skulesentraliseringa sette inn, sa han takk for seg. Vern om dei små grendeskulane vart ei av hans fane-saker.

I midten av 1950-åra tok Bruheim til å skrive diktbøker for born, noko han vann stor popularitet på. Dei fleste av desse bøkene er illustrerte av Reidar Johan Berle. Den mest vidgjetne av dei er truleg Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (1966), som kom ut både på samisk og engelsk. Fleire av versa og rima hans er også tekne med i samleverk for lesing og song. Bruheim gav sjølv ut ein antologi over norske voggesongar (Den fyrste song (1967), saman med Oddny Auklend) og eit utval av eventyr frå Tusen og ei natt (1977-79, to band).

Prosatekstar og samfunnsengasjement
Først og fremst kjende Bruheim seg som lyrikar, men han våga seg også ut i både prosa og essay. Nokre av bøkene hans er samlingar av frittståande forteljingar eller noveller, som Møte i myrkret (1973). Dei kalla meg Jo (1962) og Ljosringen byggjer i stor grad på eigne barndomsminne, mens Tankefuglar i tunet (1980) inneheld ferdaskildringar frå nord og sør i landet. I 1974 kom prosasamlinga I kveldseto.

Bruheim var pasifist, tilhengjar av fredsrørsla og skreiv fleire stykke der han åtvara mot atomvåpen. Han besøkte mange land, mellom anna var han ei ferd til det krigsherja Tyskland i 1946. Som medlem av ein norsk freds- og kulturdelegasjon fekk han også høve til å besøke Sovjetunionen.

Kjelde: Allkunne leksikon
Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede