Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2010

Stor bamsefeiring på biblioteket

Bilde
 Torstein og Eddie  Karusellgruppa 3-5 års gruppa Aldri har det vore så mykje folk på biblioteket i ein gong. Om lag  60 ungar var tilstades,  mange hadde med seg fleire vaksne. Eit raskt reknestykke seier da at vi var bortimot 130 personar her. Anledninga var storstilt feiring av den internasjonale bamsedagen. Denne feiringa har vorte ein fin tradisjon. Alle ungane skreiv seg inn i bamseboka og var med i trekninga av to fine bamsar. 3-5 års gruppa og karusellgruppa ved Skjåk kulturskule bidrog med kjempefin song. Vi hadde òg besøk av politimann Torstein Frøise og sjølvaste politibamsen Eddie. Torstein skreiv namn på, og delte ut bamsediplomar og refleksar, mens Eddie passa nøye på at alt gjekk riktig føre seg. Vi fortalde eventyret om kvifor bamsen er stuttrompa, og fekk mange fine/sjarmerande kommentarar frå publikum undervegs. Vi har hengt opp alle dei fine teikningane vi fekk. Kom og sjå! Serveringa besto i bamsemums og bamsesaft.   Elles skulle vi hels

Stemningsfull boklansering på Grimstadøygard

Bilde
Frå venstre: Finn Sandum, Torø Ellen Marstein og Hans Agneberg Dikt som gjer deg glad I år er det 50 år sidan Olav Øygard døydde. Skjåk kommune hadde eit ynskje om å markere dette ved å gje ut eit breitt utval av dikta hans. Dette har resultert i diktsamlinga ”Vårsong”. Skriftnemnda har vore Torø Ellen Marstein, Finn Sandum og Hans Agneberg. Boka vart lansert i den stemningsfulle ”Gammelstuggu” på Grimstadøygard i Nordberg tysdag kveld. Torø Ellen fortalde litt om garden og oppveksten til Olav Øygard. Finn Sandum og Hans Agneberg prata om arbeidsprosessen for utgjevinga, dei las fleire dikt og dei prata litt om dikta. Olav Øygard var ein mann med mange interesser. Han sat i mange styre og stell i bygda. Han var med i mellom anna heradstyre, skulestyre, bankstyre, historielag og styret for Skjåk Almenning. Han var ordførar i to periodar og var kjend som ein radikal venstremann og målmann. Mange av dikta handlar om våren, naturen og kjærleik. Det som kjenneteiknar dikta er

SeniorSurf

Bilde
. Ivrige surfarar i Skjåk Vi var innom mange viktige tema på seniorsurfdagen. Vi "besøkte" fleire nettsider som Fjuken, Skjåk kommune, Skjåk folkebibliotek, Finn.no, Matoppskrifter, Vermelding og mange fleir. Vi blei einige om at vi stoppar ikkje med denne dagen - vi fortset nemleg med fleire kursdagar utover hausten. Lagt inn av: Sigrun Eide