Stemningsfull boklansering på Grimstadøygard




Frå venstre: Finn Sandum, Torø Ellen Marstein og Hans Agneberg
Dikt som gjer deg glad

I år er det 50 år sidan Olav Øygard døydde. Skjåk kommune hadde eit ynskje om å markere dette ved å gje ut eit breitt utval av dikta hans. Dette har resultert i diktsamlinga ”Vårsong”.

Skriftnemnda har vore Torø Ellen Marstein, Finn Sandum og Hans Agneberg.

Boka vart lansert i den stemningsfulle ”Gammelstuggu” på Grimstadøygard i Nordberg tysdag kveld. Torø Ellen fortalde litt om garden og oppveksten til Olav Øygard. Finn Sandum og Hans Agneberg prata om arbeidsprosessen for utgjevinga, dei las fleire dikt og dei prata litt om dikta.

Olav Øygard var ein mann med mange interesser. Han sat i mange styre og stell i bygda. Han var med i mellom anna heradstyre, skulestyre, bankstyre, historielag og styret for Skjåk Almenning. Han var ordførar i to periodar og var kjend som ein radikal venstremann og målmann.

Mange av dikta handlar om våren, naturen og kjærleik. Det som kjenneteiknar dikta er den gode rytma, dei er lette å lese, og det er dikt som gjer deg glad.

Boka er lagt ut for sal på Coop Marked Bruvoll, Håndarbeidsstugu, Coop Marked Skjåk og Bokhandelen i Lom. Vi har også boka på biblioteket. Sjå om boka er inne her.

Her kan du lese eit av dikta:

VÅRSONG

Det stig med tusen tonar
frå grøne lid og lund.
Det skin frå millionar
av blom i denne stund.
-
Det syng frå sæle tunge
mot vår eit hyllingskvad,
og gamle liksom unge
dei vert i songen glad.
 -
Der stend dei unge blomar
i nytt og festlegt skrud
og voggar sælt mot sumar
som i ein takk til Gud.
-
Du vår med ljose voner,
med unge glade sinn,
å kveik dei sæle tonar
i sjuke barmen min.
-

Å lær meg rett å jubla
med vårens liv i lag
og ikkje gå og grubla
med gruv for haustardag.

                   Olav Øygard

Lagt inn av: Sigrun Eide

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede