Stor bamsefeiring på biblioteket
![]() |
Torstein og Eddie |
![]() |
Karusellgruppa |
![]() |
3-5 års gruppa |
Aldri har det vore så mykje folk på biblioteket i ein gong. Om lag 60 ungar var tilstades, mange hadde med seg fleire vaksne. Eit raskt reknestykke seier da at vi var bortimot 130 personar her. Anledninga var storstilt feiring av den internasjonale bamsedagen. Denne feiringa har vorte ein fin tradisjon. Alle ungane skreiv seg inn i bamseboka og var med i trekninga av to fine bamsar. 3-5 års gruppa og karusellgruppa ved Skjåk kulturskule bidrog med kjempefin song. Vi hadde òg besøk av politimann Torstein Frøise og sjølvaste politibamsen Eddie. Torstein skreiv namn på, og delte ut bamsediplomar og refleksar, mens Eddie passa nøye på at alt gjekk riktig føre seg. Vi fortalde eventyret om kvifor bamsen er stuttrompa, og fekk mange fine/sjarmerande kommentarar frå publikum undervegs. Vi har hengt opp alle dei fine teikningane vi fekk. Kom og sjå!
Serveringa besto i bamsemums og bamsesaft.
Elles skulle vi helse så mykje frå bibliotekbamsen som i år heiter Sigfrid. Vi skulle takke alle barn, bamsar og vaksne som deltok i feiringa med ein stor bamseklem. Brum brum.
![]() |
Ein sliten Eddie... Lagt inn av: Sigrun Eide |
Kjempetriveleg bamsefeiring var det!
SvarSlettVi har ei(n) meget stolt vinnar av ein sigfrid-bamse her :-)
Rita Hellekveen Lyngved
Sigrun sa...
SvarSlettSå bra! Og - gratulerer:)