Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2013

Opningstider i påska

Bilde

Tips til påskekrim

Bilde
Ny bok av Kroken og Kolden                        
Døden kjem med bussen
Endeleg er Kroken og Kolden attende med ny bok. Ein buss med ein død passasjer ombord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død.  Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida.
Les bokomtale i GD.



Nattskrik av Magnhild Bruheim
I kriminalromanen Nattskrik blir ei ung kvinne sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga. Hans Velid reiser til Sota Sæter for å sjå ei amatørteatergruppe sette opp eit stykke. Det er dottera Tuva som har oppfordra han til å komme, Tuva er journalist og skal skrive ei omtale av framsyninga. Det tek ikkje lang tid før det skjer eit mord på Sota, det er hovudrollinnehavaren som blir funnen drepen.…

Einar Lunde kjem til Skjåk folkebibliotek

Bilde
Eit møte med Desmond Tutu og Nelson Mandela
I 1990, da Nelson Mandela vart sett fri frå fengsel etter nesten 27 år, var tusenvis av svarte ungdommar klare med spyd, machetar, knivar og andre våpen. No var geriljasjefen deira sett fri. No skulle dei hemne 350 år med systematisk undertrykking og diskriminering. Med song og dans venta dei på ein ordre frå Mandela og å setje i gang. Men ordren kom aldri. I staden fekk dei ein ny ordre - ein ordre om å omfamne og tilgje. Dei unge vart rasande og kalte Mandela ein forrædar. Men til slutt vart dei overtala til å gje Mandela ei sjanse. Det var mange som angra, for under arbeidet med ei ny grunnlov vart dei enno ein gong forrådd av dei kvite, som attpåtil brukte zulukrigarar. Sør-Afrika var på randen av ein borgarkrig. Det var spennande og blodig som ein kriminalroman. Men trass all motstand og skitne knep klarte Mandela å foreine sværs ulike syn og store motsetningar. Dei fekk meisla ut ein ny politikk som gav landet håp. Og i april 1994 gje…

Konsert på biblioteket

Bilde
"Halldis Moren Vesaas og Einar Skjæraasen"
Tysdag 9. april kl 19 kjem Grete Storbæk Eriksen til Skjåk folkebibliotek. Med seg har ho Vigleik Storaas på piano.
I mai 2011 lanserte Grete Storbæk Eriksen  plata, "Juninatt", kor all musikken er skrive av Grete sjølv. Tekstforfattarane er sambygdingane Halldis Moren Vesaas og Einar Skjæraasen. Grete Storbæk Eriksen har musikk som hovudfag frå Trondheim i 2003, med song som sitt hovudinstrument.


Her skal du få ein liten "høyrebit":