Tips til påskekrim

Ny bok av Kroken og Kolden                        


Døden kjem med bussenDøden kjem med bussen

Endeleg er Kroken og Kolden attende med ny bok.
Ein buss med ein død passasjer ombord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død.  Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida.





Nattskrik av Magnhild Bruheim


I kriminalromanen Nattskrik blir ei ung kvinne sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga. Hans Velid reiser til Sota Sæter for å sjå ei amatørteatergruppe sette opp eit stykke. Det er dottera Tuva som har oppfordra han til å komme, Tuva er journalist og skal skrive ei omtale av framsyninga. Det tek ikkje lang tid før det skjer eit mord på Sota, det er hovudrollinnehavaren som blir funnen drepen. Med stødig hand tek Velid kontroll over etterforskinga og sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret. God bok!

Menneskets natur av Jørgen Brekke

Menneskets naturPolitiførstebetjent Odd Singsaker er i eit hus på Hitra. Det ligg eit lik på golvet. Singsaker rettar ei hagle mot ein person i ein utbrent sofa. Det har heilt tydeleg skjedd mykje sidan kona Felicia Stone reiste frå han og forsvant.
Ein utro og svært kald politimann, ein festglad student i plutseleg trøbbel, ei hustru som slår attende mot sin ektemann og ein torpedo med eit eksplosivt tilslag i balltreet. Alle speler viktige roller i forteljinga om korleis Odd Singsaker havna i dette uføret.
Den tredje romanen om Odd Singsaker er ei forteljing om kva som skjedde med Felicia Stone, om store brotsverk og seig kjærleik. Og om alt det andre som pregar mennesket sin natur.

Utruleg spennande!

Eg anbefalar òg dei to andre bøkene av Jørgen Brekke, "Nådens omkrets" og "Drømmeløs".

Nådens omkrets

1528 gjer ein ung, fransiskanermunk eit kort opphald i Bergen før han dreg nordover. Med seg frå byen tek han eit utval knivar og eit ubehandla skinn.

Nådens omkretsNesten fem hundre år seinare dukkar det opp eit flådd lik på eit museum i Richmond, Virginia, og eit til i Trondheim. Begge drapa ser ut til å ha ein samanheng med Johannesboka, ei gammal tekst skrive på pergament.
DrømmeløsDet er vakta Jon Vatten som gjer det grufulle funnet i Gunnerusbiblioteket i Trondheim. Ein av bibliotekarane er myrda på bestialsk vis, hovudet er hugga av, huda på liket er fjerna frå overkroppen. For Jon Vatten er mordet ei katastrofe. Han var den siste som såg bibliotekaren i live, dei delte ei flaske vin, og han hugsar ikkje kva som skjedde.
Ein gammal bokrygg som er trukke i menneskeskinn. Ei filosofisk læresetning som går att gjennom verdshistoria. Mord begått på kvar si side av kloda. Samanhengen er meir skremmande enn du kan tenkje deg ...
Dette er den fyrste romanen om den amerikanske drapsetterforskaren Felicia Stone og den norske politimannen Odd Singsaker.

 

Krim for barn



Purren Purriot!

 "Purriot og den usynlige mannen" av Bjørn Rørvik og Ragnar Aalbu

 
Puddelrock!
Dette er den fyrste boka i ein ny, spennande og ikkje minst artig krimserie for barn.

Etterforskaren er Purriot. Ein detektiv med klare likheiter til meisterhjerna Hercule Poirot. Purriot er m.a. ein forsiktig herre med bart, men namnet Purriot kjem faktisk av at han er ein purre.

Saman med kona si Paprika, dreg han ut i provinsen for å løyse eit merkeleg mysterium. Ei gammal dame og ein gut har begge vorte slått ned. Men ingenting er stole og ingen gjerningsmann er sett. Definitivt ein sak for Purriot. Boka har mykje humor. Karakterane er grønsaker med herlege namn. Inspektør Gurk er ein agurk og bestemor Blom er ein blomkål. Kan du gjette kva for grønsak Lille Per Sille er?
 Historia er krydra med språkhumor, som når Paprika seier: "Jeg er så slapp i dorsken", eller der Rørvik let pudlar spele "puddelrock".
"Purriot og den usynlige mannen" er ei ypperleg høgtlesningsbok for barn mellom seks og ti år, den er ei leseverdig bok for både store og små.
Boka kom ut i 2012.

Inntrengeren av Håkan Östlundh

Eit familiefoto med utstukne auge, skremmande brev utan avsendar. På kort tid mottek ein familie med to små barn på Fårö i Gotland fleire ubehagelege truslar. Kven er det som vil skade dei nyinnflytta?
Fredrik Broman og hans kolleger ved Visby-politiet tek saka på største alvor, sjølv om dei heller ikkje kan utelukke at det heile berre er ein usmakeleg spøk. Men når familiens lille datter forsvinn, er det alvor.
Og det er berre byrjinga …

Ein nervepirrande krim.
Boka kom ut i 2012.

 

Fleire tips:

Bursdagsmysteriet Martin Widmark











Her er ei oversikt over fleire krimbøker på Skjåk folkebibliotek.

God påske!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren