Einar Lunde kjem til Skjåk folkebibliotek

Eit møte med Desmond Tutu og Nelson Mandela


I 1990, da Nelson Mandela vart sett fri frå fengsel etter nesten 27 år, var tusenvis av svarte ungdommar klare med spyd, machetar, knivar og andre våpen. No var geriljasjefen deira sett fri. No skulle dei hemne 350 år med systematisk undertrykking og diskriminering. Med song og dans venta dei på ein ordre frå Mandela og å setje i gang. Men ordren kom aldri. I staden fekk dei ein ny ordre - ein ordre om å omfamne og tilgje. Dei unge vart rasande og kalte Mandela ein forrædar. Men til slutt vart dei overtala til å gje Mandela ei sjanse. Det var mange som angra, for under arbeidet med ei ny grunnlov vart dei enno ein gong forrådd av dei kvite, som attpåtil brukte zulukrigarar. Sør-Afrika var på randen av ein borgarkrig. Det var spennande og blodig som ein kriminalroman. Men trass all motstand og skitne knep klarte Mandela å foreine sværs ulike syn og store motsetningar. Dei fekk meisla ut ein ny politikk som gav landet håp. Og i april 1994 gjekk det fyrste frie valet føre seg. Mirakelet i Sør-Afrika har det blitt kalla. Sentralt i denne historia står Nelson Mandela og Desmond Tutu - kanskje dei to personane i verda som har størst truverd, anseelse og omdømme.

Einar Lunde har møtt dei begge, og til og med intervjua dei. Han har med eigne auga sett undertrykkinga og mishandlinga av millionar av menneske - berre fordi huda deira ikkje var kvit.

Kom og høyr det spennande foredraget av Einar Lunde, laurdag 20. april kl 13.30.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede