Innlegg

Viser innlegg fra april, 2017

"Oi! Titanic knakk i to"

Bilde
3. klassingane Kristian, Jonas og Jon Sigurd er oppslukt i boka om Titanic. - Oi! Sjå kva som står her, seier Jon Sigurd. Titanic knakk i to. Elevane ved Nordberg skule har vore og besøkt ordførar Elias Sperstad i dag. Etter ein lang og god prat med ordføraren - og etter at dei hadde ete opp isen dei fekk, så kom den trivelege gjengen bortom biblioteket. Alle fann raskt ei bok dei ville låne. Lærar Unni fortel at det er stor leseglede blant elevane. Dei nytta stunda på biblioteket til å lese bøker, spele kinasjakk og sjakk. Kristian, Jonas og Jon Sigurd Kosestund i lesebingen: Ronja, Sigurd Mathias, Martine, Kristian, Mathilde, Halvor og Sina Amalie og Tommy speler kinasjakk. Halvor tykkjer det er topp Rundt sjakkbordet: Gea Aurora, Betel, Halvor, Amalie, Anna Sigrun og Ella

Kurs i iPad

Bilde
Omar Lien er flink kursleiar Stor interesse for å lære meir data Etter datakurset vårt tidlegare i vinter, var det stor interesse for å lære meir. Fleire ynskte å lære bruk av iPad. Vi hyra inn Omar Lien som kursleiar. Det var 15 personar som var med på kurset i dag. Tora Margot Haugen, Inger Haugen og Anne Lise Helø Anna Steinbakke, Erika Bøhle og Wenche Skjaak Moen Arve Hole Konsentrasjonen var på topp Inger Kirsten Stagrim og Stein Teigen Kjellaug Teigum og Tea Ramstad

Datakurs i Skjåk

Bilde
Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen kan litt data frå før - men dei ynskjer å lære meir. Foto Sigrun Eide Flinke, oppegåande og arbeidsviljuge deltakarar I februar og mars har vi hatt datakurs for seniorar.   Det var stor interesse for kurs i år, vi fekk to fulle grupper med 10 deltakarar på kvar. Vi er heldige som har studiesenteret som vi kan nytte oss av. På timeplanen sto grunnleggjande databehandling. Først lærte vi om tastaturet og datamusa, før vi var snøgt innom tekstbehandling. Vi brukte mest tid på internett i dette kurset - vi har googla podagra, kjøttmat frå Skjåk, vêrmeldingar, nyheiter, togbillettar, bøker og mykje meir. Vi inviterte SpareBank 1 Lom og Skjåk.  Ingvard Olstad, Kristin Resvoll og Britt Sperstad kom og informerte om nettbank. Elling Starrem frå Skjåk kommune var innom og informerte om offentlege nettsider. Sigrun forklarte tastatur, mus, tekstbehandling og internett frå storskjermen medan Hanne, Inger Kristen  og Jenni Anette sø

Opningstider i påska

Bilde