"Oi! Titanic knakk i to"
3. klassingane Kristian, Jonas og Jon Sigurd er oppslukt i boka om Titanic.

- Oi! Sjå kva som står her, seier Jon Sigurd. Titanic knakk i to.Elevane ved Nordberg skule har vore og besøkt ordførar Elias Sperstad i dag. Etter ein lang og god prat med ordføraren - og etter at dei hadde ete opp isen dei fekk, så kom den trivelege gjengen bortom biblioteket. Alle fann raskt ei bok dei ville låne. Lærar Unni fortel at det er stor leseglede blant elevane. Dei nytta stunda på biblioteket til å lese bøker, spele kinasjakk og sjakk.
Kristian, Jonas og Jon Sigurd
Kosestund i lesebingen: Ronja, Sigurd Mathias, Martine, Kristian, Mathilde, Halvor og Sina
Amalie og Tommy speler kinasjakk. Halvor tykkjer det er topp
Rundt sjakkbordet: Gea Aurora, Betel, Halvor, Amalie, Anna Sigrun og Ella
Kommentarer
Legg inn en kommentar